Meny

Høgsteretts dom, 15.09.2010, HR-2010-01523-A, (sak nr. 2010/668), sivil sak, anke over overskjønn

 
Otra Kraft DA mfl. (advokat Dag Arne Ruud) mot Torgeir Bjørnarå mfl. (advokat Øyvind Kraft)

Dommarane: Bårdsen, Stabel, Falkanger, Tønder, Gjølstad

Saka gjaldt erstatning ved ekspropriasjon av fall i elvene Bjørnarå og Fjellskarå til kraftutbygging i øvre del av Otravassdraget i Valle og Bykle kommunar i Setesdal.

Agder lagmannsrett avheimla overskjønn 8. februar 2010 og fastsette fallerstatningane for både Bjørnarå og Fjellskarå ut frå bruksverdien ved utleige som småkraftverk. Det blei teke omsyn til verdien av eventuelle inntekter ved såkalla grøne sertifikat. Denne verdien utgjorde ein betydeleg del av erstatninga. Verdien av desse inntektene fekk for Fjellskarå dessutan avgjerande betydning for at lagmannsretten såg ei separat utbygging som økonomisk forsvarleg.

For Høgsterett var det særleg spørsmål om det var riktig rettsbruk å gi erstatning for alternativ utnytting av falla til småkraftverk sjølv om dei offentlege utbyggingsplanane ville vere til hinder for ei slik separat utbygging. Høgsterett kom til at det i dette tilfellet var riktig å sjå bort frå dei offentlege planane slik dei kom til uttrykk i St.meld. nr. 63 (1984–85) Om samlet plan for vassdrag. Det blei vist til prinsippa i plenumsdommen frå Rt. 1996 side 521 (Lena), stadfesta i seinare praksis. Høgsterett la avgjerande vekt på at Samlet plan, gjennom føresegnene i vassressurslova § 22, var gitt ei tilnærma avgjerande betydning for konsesjonspraksis. Realiteten var at grunneigarane ikkje kunne utnytte falla sine. Denne råderetten var – som ein koordinert verknad av Samlet plan, konsesjonar og ekspropriasjonsløyve – overført til Otra Kraft. Planen skapte ein sterkt monopolprega etterspørselssituasjon for økonomisk utnytting av eigedommane som tilsa at ein måtte sjå bort frå han ved verdifastsetjinga. To dommarar (Stabel og Falkanger) hadde ein særmerknad knytt til skjønnsgrunnane.

Det var også spørsmål om det var feil ved rettsbruken til lagmannsretten eller ved skjønnsgrunnane, når det var tilkjent erstatning for ”den forventede verdien som mulighetene for å selge grønne sertifikater representerer”. Det gjekk ikkje klart nok fram av skjønnsgrunnane kva krav til realisme og påreknelegheit lagmannsretten hadde stilt for at det skulle kunne ytast erstatning for verdien av ein eventuell framtidig marknad for grøne sertifikat. I lys av det særeigne og svært vanskelege bevistemaet og storleiken på erstatningane som lagmannsretten tilkjende, fann fleirtalet i Høgsterett skjønnsgrunnane mangelfulle. Éin dommar (Falkanger) hadde ein særmerknad.

 

Les avgjørelsen i sin helhet

Siden ble sist oppdatert: 18.04.2011, kl. 10.06