Saka gjaldt gyldigheita av vedtak om ikkje å tilkjenne erstatning for rovviltskade

Høgsteretts dom 10.10.2012, HR-2012-01925-A, (sak nr. 2012/316), sivil sak, anke over dom

Kåre Kleiva og Eli Dørum (advokat Ulf Larsen) mot Staten v/Miljøverndepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Hjort Kraby)

Dommarar: Tønder, Bårdsen, Bergsjø, Falkanger, Stabel

Saka gjaldt gyldigheita av vedtak om ikkje å tilkjenne erstatning for rovviltskade, jf. forskrift 2. juli 1999 nr. 720 om erstatning for tap og følgjeskadar når husdyr blir drepne eller skadde av rovvilt (erstatningsforskrifta).

Utmarksbeitet til garden låg innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv. Etter at det i byrjinga av 2000-talet blei etablert eit ulverevir med ynglande ulv innanfor området, steig talet på dei årlege rovvilttapa betydeleg. Også i 2007 blei buskapen sleppt ut på beite i beiteområdet til garden. Fylkesmannen hadde på førehand kome med tilbod om tilskot til førebyggjande tiltak – mellom anna flytting av sauene til eit beiteområde utanfor ulvesonen – noko eigarane avslo. Trass i at gjetinga blei utvida, gjekk 98 av 314 dyr tapt. Krav om erstatning blei avslått av Fylkesmannen / Direktoratet for naturforvaltning, grunngitt med at eigarane ikkje hadde handla aktsamt og heller ikkje gjort det ein rimeleg kunne vente, for å avverje eller redusere tapet.

Eigarane gjekk til søksmål mot staten om gyldigheita av avslaget, men vann ikkje fram. Høgsterett kom til at eigarane ved å avslå tilbodet frå Fylkesmannen ikkje hadde vist den aktsemda som erstatningsforskrifta § 4 bokstav a kravde. At førebyggjande tiltak hadde som føresetnad at eigarane unnlét å nytte garden sitt eige beiteområde, var ikkje til hinder for avslaget. 

Les avgjørelsen i sin helhet