Meny

Høgsteretts dom, 18.06.2012, HR-2012-01254-A, (sak nr. 2012/285), sivil sak, anke over dom

Amund Grindalen (advokat Magnus Dæhlin) mot staten v/Miljøverndepartementet (advokat Pål Wennerås)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Matheson, Stabel, Gjølstad

Saka gjeld krav frå forureiningsstyresmaktene om delvis refusjon av det offentlege sine utgifter til opprydding av sterkt forureina grunn, jf. forureiningslova § 76 første ledd første punktum, jf. § 74 andre ledd jf. § 7. Det er spørsmål om grunneigaren kan reknast som "den ansvarlige for forurensningen" når forureininga er forårsaka av verksemd som tomtefestaren dreiv før grunneigaren blei eigar.

Oppryddinga kosta 15 millionar kroner, og det blei kravd at grunneigaren skulle betale 2,3 millionar kroner av denne summen. Før dette skjedde, hadde SFT i ei årrekkje prøvd å få selskapet som i si tid hadde forårsaka forureininga, til å setje i verk undersøkingar og tiltak. Det var svært uklart kven som no kunne haldast ansvarleg for verksemda.

Høgsterett kom til at grunneigarar har tiltaksplikt etter forureiningslova § 7 andre ledd, eventuelt saman med andre, og at det berre er i heilt spesielle tilfelle det kan tenkjast ikkje å gjelde. Dermed kan det krevjast refusjon etter § 76 første ledd første punktum.

Det var derfor ikkje tvilsamt at styresmaktene i dette tilfellet kunne krevje at grunneigaren betalte 2,3 millionar kroner.

Les avgjørelsen i sin helhet