Meny

Høgsteretts dom, 11.06.2012, HR-2012-01210-A, (sak nr. 2012/64), sivil sak, anke over dom

Dei som har rett til virke i Imsdalen statsallmenning v/allmenningsstyret og De virkesberettigede i Hirkjølen statsallmenning v/allmenningsstyret (advokat Jo Are Aamodt Brænden) mot Statskog SF (advokat Anders Blakstvedt)

Dommarar: Matheson, Utgård, Indreberg, Kallerud, Gjølstad

Saka gjaldt om skogerstatning etter naturfreding i statsallmenning skal utbetalast til allmenningskassa, som blir disponert av allmenningsstyret aleine, eller til allmenningsfondet, som blir disponert av allmenningsstyret og Statskog SF i fellesskap, jf. statsallmenningslova § 1-4 høvesvis første og andre ledd. Vidare var det spørsmål om eit allmenningsstyre i ein slik tvist kan krevje å få sakskostnadene sine dekt av allmenningsfondet. Det var dessutan reist spørsmål om allmenningsstyret kunne opptre som part i søksmålet.

Dei aktuelle allmenningane var såkalla underskotsallmenningar, det vil seie at skogproduksjonen i allmenningen ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje virkesbehovet til dei som har bruksrett. Dei som har rett til virke, v/allmenningsstyra gjorde gjeldande at skogerstatninga da skal gå til dei ettersom det er dei – og ikkje grunneigaren – som taper på at skogen ikkje lenger kan drivast.

Høgsterett kom samrøystes til at skogerstatning etter fredingsvedtak skal gå inn i allmenningsfondet. Dette følgjer av systemet i lova, av ordlyden i § 1-4, og er dessutan klart uttalt i forarbeida til føresegna og i bruksreglane for begge allmenningane. Ei utsegn om at denne løysinga er usemjande med skrankane i Grunnlova § 105 og EMK P 1-1, førte ikkje fram.

Disponering av midlane til allmenningsfondet krev einigheit mellom Statskog og allmenningsstyret. Da det ikkje var einigheit, kunne allmenningsstyret ikkje krevje å få sakskostnadene sine dekt av fondet.

Partane hadde inngått ein avtale om deponering av skogerstatninga til tvisten mellom dei om kven erstatninga skulle betalast ut til, var løyst. Som part i ein slik avtale måtte dei som har rett til virke, v/allmenningsstyra også ha partsevne i søksmål i den tvisten som låg til grunn for deponeringa.

Les heile avgjerda