Meny

Høgsteretts dom, 31.05.2013, HR-2013-01145-A, (sak nr. 2012/1907), sivil sak, anke over dom

Anke I: Staten v/Miljøverndepartementet (advokat Arne-Martin H. Sørli) mot Edvin Eriksen mfl (advokat John Egil Bergem), Odd Erik Myren mfl. (advokat John Egil Bergem), Trygve Herrem, Alf Erik Lånke, Per Gunnar Myrslo

Anke II: Håvard Reitås (advokat John Egil Bergem) mot staten v/Miljøverndepartementet (advokat Arne-Martin H. Sørli)

Anke III: Staten v/Miljøverndepartementet (advokat Arne-Martin H. Sørli) mot Håvard Reitås (advokat John Egil Bergem)

 

Dommarane Utgård, Øie, Noer, Bårdsen, Schei

Saka gjaldt grensegang for landskapsvernområde med grunnlag i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum som gir heimel for at jordskifteretten kan klarleggje grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde.

Reglane om at det offentlege kan krevje grensegang for å fastsetje grenser som gjeld offentleg regulering av eigarrådevelde, kom inn i lova i 2001. Det var i proposisjonen særleg vist til at grenser som er teikna inn på kart isolert sett kunne gi feil, såleis på opp til 50 meter der målestokken er 1: 50 000. Det vart sagt at kompetansen til å fastsetje grensene berre gjaldt "avvik" som har grunnlag knytt til forskrift og kart. Høgsterett viste til proposisjonen og også til lovteksten, og la til grunn at jordskiftelova § 88 femte ledd om grenseregulering ikkje gjeld for saker som gjeld grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde.

Grensa for verneområdet måtte finnast ved å tolke verneforskrifta medrekna kartet som var ein del av denne. Kartet var i målestokk 1: 50 000, og det kunne isolert sett gi eit avvik på opp til 50 meter. Ved oversendinga til kommunar og fylkesmenn av desse dokumenta, var det lagt ved ei grenseskildring, der grensepunkt og liner mellom desse var nærare omtala. Grenseskildringa måtte ha monaleg vekt ved grensefastsetjinga, så langt ho let seg sameine med streken på kartet.

Jordskifteretten hadde fastsett grensepunkta, og det var ikkje tvist om desse. Både kartet og grenseskildringa viste rettliner mellom grensepunkta.

Det kunne ikkje gi grunn til avvik frå desse rettlinene at desse nokre stader gjekk slik at hytteeigedommar kom rett innanfor reservatgrensa eller at grensa kryssa slike eigedommar. Heller ikkje kunne det gi grunnlag for avvik at slike eigedommar ikkje var nemnde i verneforskrifta. Festetomter var generelt ikkje med i opprekninga der, og det var også elles manglar ved lista. Opprekninga kunne då ikkje kaste lys over den nærare grensedraginga. Dei private partane fekk dermed ikkje medhald i sitt syn om avvik frå desse rettlinene.

Det måtte då vere avgjerande at grensepunkta var uomtvista, og at både kart og grenseskildring  viste at grensa skulle gå i rettliner mellom desse punkta.

Høgsterett viste til at vernestyresmaktene har høve til, og også i særlege tilfelle kan ha plikt til, å justere grensa i ettertid.

Les avgjørelsen i sin helhet