Meny

Høgsteretts dom 15. september 2017, HR-2017-1780-A, (sak nr. 2017/197), sivil sak, anke over dom
Bardu Jeger- og Fiskerforening (advokat Einar I. Lohne) mot Statskog SF (advokat Bjørn Terje Smistad)

Dommere: Høgetveit Berg, Bull, Arntzen, Bårdsen, Matningsdal

Høgsterett kom til at tre avtaler om tomtefeste for foreiningshytter måtte reknast som avtaler om tomt til fritidshus. Dom 15. september 2017. 

Ei jeger- og fiskerforeining festa tre tomter. Hovudspørsmålet i saka var om hyttene skulle reknast som fritidshus etter tomtefestelova og om festeavtalene med det hadde eit sterkare vern for festaren. Høgsterett kom, under dissens 3-2, til at så var tilfelle. 

I tillegg var det spørsmål om bortfestaren avtalerettsleg hadde bunde seg til å nedregulere festeavgifta ytterlegare, noko Høgsterett svarte bekreftande på. 

Avgjerda gjev rettleiing for grensedraginga mellom tomt til fritidsføremål og andre føremål.

Les heile avgjerda