Bruk av strl. § 135 a på sjikanøse utsegner sette fram mot ei farga dørvakt på ein utestad

Høgsteretts dom, 30.03.2012, HR-2012-00689-A, (sak nr. 2012/143), straffesak, anke over dom

A (advokat Inger Marie Sunde) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Matheson, Endresen, Bårdsen, Bergsjø, Tjomsland

Saka gjaldt bruken av straffelova § 135 a på sjikanøse utsegner som var sette fram mot ei farga dørvakt på ein utestad i X. Den tiltalte hadde blitt nekta å kome inn på utestaden fordi han verka rusa. Han enda da i ein krangel med dørvakta og kalla han fleire gonger høglydt for ’jævla neger’ og ’jævla svarting’. Han spurde vaktleiaren ’hvorfor tillates negre å jobbe i Norge’, og om kor lenge han hadde tenkt å la ein neger styre døra til utestaden.

Høgsterett peikte på at det som var avgjerande når ein skulle bestemme meiningsinnhaldet i utsegnene, var korleis den alminnelege tilhøyraren ville oppfatte utsegnene samla ut frå samanhengen dei var sette fram i, jf. Rt. 1997 side 1821 og side 1826 og Rt. 2002 side 1618. Utsegnene måtte oppfattast som skuldingar mot den krenkte om at han på grunn av hudfarge/etnisk opphav var ueigna for det arbeidet han utførte. Dette innebar ei nedvurdering av vedkomande.

Høgsterett kom samrøystes til at nedvurderinga ikkje var verna av ytringsfridommen. Sjølv om det generelle utgangspunktet er at det er ein romsleg margin for smaklause ytringar, var utsegnene straffbare som diskriminering etter straffelova § 135 a. Dei var ikkje sette fram som innlegg i ein politisk debatt eller som del av det frie ordskiftet, men utelukkande med siktemål å krenkje vedkomande. Høgsterett uttalte at slike reint sjikanøse ytringar berre i liten grad er verna av Grunnlova – om dei er verna i det heile, vurdert opp mot diskrimineringsvernet. Det blei etter dette slått fast at utsegna frå den tiltalte innebar ei grov nedvurdering av menneskeverdet til ei gruppe, noko Høgsterett i 2007 side 1807 avsnitt 33 har summert opp som eit kriterium for straffansvar etter § 135 a. Anken blei etter dette forkasta.

Avgjerda inneheld ei drøfting av spørsmålet om terskelen for straffansvar er senka etter endringane av § 135 a i 2005. Høgsterett svarte ja på spørsmålet, men uttalte at konklusjonen ville blitt den same om rettstilstanden – tersklane – hadde vore uendra.

 


 Les avgjørelsen i sin helhet