Forståinga av uttrykket "seksuell omgang" i straffelova

Høgsteretts dom 28.06.2012, HR-2012-01337-A, (sak nr. 2012/384), straffesak, anke over dom

A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Bull, Normann, Utgård, Indreberg, Skoghøy

Saka gjaldt forståinga av uttrykket "seksuell omgang" i straffelova § 192 første ledd og utmåling av straff for brot på § 192 første ledd bokstav a (valdtekt). Hovudspørsmålet er om det i uttrykket "seksuell omgang" ligg eit krav om seksuell motivasjon.

Den domfelte hadde trua den fornærma til å kle av seg og hadde stukke éin eller fleire fingrar opp i skjeden hennar "for å lete etter noe han mente at hun hadde tatt fra ham". Handlinga var altså ikkje seksuelt motivert. Det måtte vidare leggjast til grunn at den fornærma hadde forstått dette. Høgsterett kom − som tidlegare instansar − til at seksuell motivasjon ikkje var noko vilkår for at det skulle liggje føre "seksuell omgang". Ein kunne ikkje slutte frå dei atterhalda som er gjorde i rettspraksis ved § 200 (seksuell handling) og § 201 ("seksuelt krenkende eller annen uanstendig atferd"), der motivasjonen kan vere eit moment i ei heilskapsvurdering, og til valdtektsføresegna i § 192. Dei avgrensingsspørsmåla som gjer seg gjeldande ved §§ 200 og 201, oppstår ikkje på same måte ved § 192.

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til to år – eitt av dei på vilkår på grunn av lang behandlingstid. Høgsterett var einig i at den manglande seksuelle motivasjonen ikkje var noko formildande omstende, og meinte at eit riktigare utgangspunkt her nok hadde vore to år og tre til seks månader. Da påtalemakta ikkje hadde varsla påstand om straffskjerping i anketilsvaret sitt og i skranken for Høgsterett hadde sett seg bunden av det, lét Høgsterett straffa på to års fengsel, av dei eitt år på vilkår på grunn av lang saksbehandlingstid, bli ståande.

Les avgjørelsen i sin helhet