Forståinga og bruken av folketrygdlova § 13-4 andre ledd bokstav a

Høgsteretts dom, 14.06.2012, HR-2012-01232-A, (sak nr. 2011/2057), sivil sak, anke over dom

A (advokat Anne-Lise H. Rolland) mot staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (advokat Marius Emberland)

Dommarar: Bull, Webster, Bårdsen, Noer, Tjomsland

Saka gjaldt forståinga og bruken av folketrygdlova § 13-4 andre ledd bokstav a, der det blir stilt opp eit vilkår om at "sykdomsbildet er karakteristisk og i samsvar med det som den aktuelle påvirkningen kan framkalle", for at ein yrkessjukdom skal kunne godkjennast som yrkesskade.

Trygderetten og lagmannsretten hadde lagt til grunn at det i andre ledd bokstav a blir stilt eit krav om at sjukdommen i det konkrete tilfellet mest sannsynleg kjem av påverknaden frå dei aktuelle stoffa.

Høgsterett kom til at dette var feil bruk av lova. Bokstav a gjeld den generelle samanhengen mellom den aktuelle sjukdommen og den aktuelle påverknaden. Høgsterett slutta seg i så måte til ei utsegn om forståinga av bokstav a frå Trygderetten (sak TRR-1997-454) som er lagd til grunn i trygderettspraksis. Det blir ikkje stilt krav om at sjukdommen i det konkrete tilfellet mest sannsynleg må komme av den aktuelle påverknaden. Med ei slik sannsynsvurdering allereie under bokstav a ville vilkåret i andre ledd bokstav d om at "det ikke er mer sannsynlig at en annen sykdom eller påvirkning er årsak til symptomene" gi lita meining.

Det blei under prosedyren for Høgsterett klart at staten sette spørsmålsteikn ved om den ankande parten i det heile kunne seiast å ha den lidinga som låg til grunn for søknaden om å få sjukdommen godkjend som likestilt med yrkesskade. Dette kunne Høgsterett ikkje ta stilling til slik ankesaka låg. Det måtte eventuelt Trygderetten vurdere ved ny behandling der.

Les avgjørelsen i sin helhet