Gyldigheita av eit vedtak i Utlendingsnemnda

Høgsteretts dom, 29.03.2012, HR-2012-00667-A, (sak nr. 2011/1688), sivil sak, anke over dom

A (advokat Stina Saastad) mot staten v/Utlendingsnemnda (advokat Marius Emberland)

Dommarar: Indreberg, Webster, Kallerud, Bull, Matningsdal

Saka gjeld gyldigheita av eit vedtak i Utlendingsnemnda, og reiser spørsmålet om ein irakisk statsborgar har rett til asyl under tilvising til at han som homofil har god grunn til å frykte at han blir forfølgd i Irak.

Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det ikkje var kjend i Irak at asylsøkjaren var homofil. Vidare føresette retten at han ved retur ville innrette livsførselen sin slik at han unngjekk å bli forfølgd. På denne bakgrunnen kom lagmannsretten til at verken vilkåra for asyl i utlendingslova 1988 § 17 eller vilkåra for vern mot retur i § 15 var oppfylte.

Høgsterett oppheva dommen i lagmannsretten med ankeforhandling, fordi lagmannsretten ikkje hadde teke stilling til kva som var årsaka til at søkjaren ville halde legninga si skjult. Dersom det var ein reell grunn til å frykte forfølging og frykta for å bli forfølgd var sentral for valet hans, ville vilkåret om at det skal liggje føre ”velbegrunnet frykt for forfølgelse”, vere oppfylt.

Les avgjørelsen i sin helhet