Overprøving av avgjerd i Trygderetten - spørsmål om omfanget av utgreiingsplikta til Trygderetten

Høgsteretts dom, 30.11.2012, HR-2012-02250-A, (sak nr. 2012/923), sivil sak, anke over dom

Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (advokat Steffen Kvisler) mot A (advokat Anne Cecilie Kristensen)

Dommarar: Normann, Endresen, Webster, Kallerud, Utgård

Saka gjaldt overprøving av ei avgjerd i Trygderetten der vedtaket om å avslå eit krav frå A om uførepensjon blei stadfesta. Saka reiste særleg spørsmål om omfanget av utgreiingsplikta til Trygderetten. Avslaget var grunngitt med at vilkåra i folketrygdlova § 12-5 ikkje var oppfylte. Høgsterett viste til at vedtaket bygde på eit rettsbruksskjønn som domstolane kunne prøve fullt ut, jf. trygderettslova § 23 første ledd, jf. Rt. 2007 side 1815 avsnitt 30. Høgsterett uttalte vidare at når det dreier seg om overprøving av vedtak som inneheld faglege spørsmål innanfor attføring og medisin, følgjer det av fast praksis at domstolane må vise varsemd med å overprøve vurderingane til Trygderetten, jf. Rt. 2007 side 1815 avsnitt 39.

Trygderetten hadde ei reell plikt til å sørgje for at saka var tilstrekkeleg opplyst, jf. trygderettslova § 15 første ledd første punktum. Utgreiingsplikta måtte sjåast i lys av kva som skulle vurderast. I denne saka var det om A oppfylte attførings- og behandlingsvilkåra i folketrygdlova § 12-5 første ledd, første og andre punktum. Det låg utanfor utgreiingsplikta til Trygderetten å sørgje for ytterlegare medisinske/nevropsykologiske utgreiingar og moglegheiter for å behandle dei psykiske plagene A hadde. Høgsterett kom til at saka var tilstrekkeleg opplyst. Trygderetten hadde ikkje forsømt utgreiingsplikta si, og det låg etter dette ikkje føre saksbehandlingsfeil som kunne føre til at avgjerda blei ugyldig.

Les avgjørelsen i sin helhet