Saka gjaldt føretaksstraff og oppreisingserstatning i samband med brot på arbeidsmiljølova etter ei fallulykke

Høgsteretts dom, 10.05.2012, HR-2012-01016-A, (sak nr. 2011/2102), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland) og A (bistandsadvokat Øyvind Vidhammer) mot Norcem Brevik AS (advokat Jan Fougner)

 

Dommarar: Stabel, Indreberg, Bull, Noer, Matningsdal

Saka gjaldt føretaksstraff og oppreisingserstatning i samband med brot på arbeidsmiljølova etter ei fallulykke.

 

Medan han arbeidde med å stake ei nedfallstrekt under lossing av kvarts fall ein driftsoperatør 9 meter ned frå ei usikra plattform. Som følgje av skadane blei han 100 % ufør. Objektivt sett låg det her føre eit brot på arbeidsmiljølova. Spørsmålet var om det burde dømmast til føretaksstraff etter den skjønnsmessige føresegna i straffelova § 48 b.

 

Plattforma var sperra av med gjerde og ikkje meint til slik bruk, i alle fall ikkje utan sikringssele. Når plattforma likevel blei brukt, var det fordi det av og til var nødvendig å stake frå ei viss høgd, og at den sikra delen av den høgare plattforma dels var vanskeleg tilgjengeleg og dels hadde ei utforming som gjorde at ho ikkje var så godt eigna for staking. Bruken hadde gått føre seg over lang tid og var kjend, og dels også praktisert, av skiftbasane sjølve. Ingen hadde likevel meldt dette inn som avvik, og leiinga ved bedrifta var derfor ikkje kjend med bruken.

Høgsterett kom likevel til at det burde dømmast til føretaksstraff.

 

HMT-systemet ved bedrifta var ikkje mangelfullt i seg sjølv. Det dreidde seg derfor om systemsvikt. Ved brot på føresegnene i arbeidsmiljølova om vern av liv og helse er føretaksstraff likevel særleg eigna, spesielt når det gjeld fallulykker, som er eit stort problem. Kontrollsystemet i bedrifta burde ha fanga opp faremomenta ved plattforma, som på grunn av utforminga freista til bruk av den usikra delen. Bota blei sett til 500 000 kroner.

 

Skiftbasane kunne ikkje seiast å ha opptredd grovt aktlaust. Det var ikkje grunnlag for oppreising etter skadeerstatningslova § 3-5. Det var derfor ikkje nødvendig for Høgsterett å ta standpunkt til om personale på dette nivået i det heile kunne gi føretaket organansvar.

Les avgjørelsen i sin helhet