Straffutmåling for innførsel av rundt 940 gram kokain og 900 gram heroin.

Høgsteretts dom, 27.02.2012, HR-2012-00430-A, (sak nr. 2011/2145), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jens Olav Sæther)

Høgsterettsdom, 27.02.2012, HR-2012-00430-A, (sak nr. 2011/2145), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jens Olav Sæther)

Dommarar: Noer, Endresen, Matheson, Arnesen, Schei

Saka gjeld straffutmåling for innførsel av rundt 940 gram kokain og 900 gram heroin og reiser spørsmål om kor stor vekt det skal leggjast på at den tiltalte samarbeidde med politiet om å oppklare saka.

Den domfelte blei stoppa på Svinesund med narkotika i ryggsekken. Ho tilstod straks dei faktiske forholda og forklarte at ho var lova 1 500 euro for å frakte stoffet frå Nederland til Noreg. Ho sa seg villig til å samarbeide med politiet, og leidde politiet fram til han som skulle ta imot stoffet. Også han blei pågripen. Ho gav dessutan opp namnet på oppdragsgivaren i Portugal og Nederland.

Høgsterett uttalte at utgangsstraffa for å ha med eit så pass stort kvantum kokain og heroin å gjere låg på fengsel i omtrent sju år. På grunn av tilståinga blei det gitt frådrag med eitt år og tre månader.

 

Høgsterett drøfta kva vekt det skulle tilleggjast ved straffutmålinga at den tiltalte hadde samarbeidd med politiet. Dette vil vere avhengig av ei samansett vurdering. Vesentlege moment vil vere omfanget av samarbeidet, betydninga av den hjelpa den sikta har gitt, og den risikoen han eller ho har utsett seg for som følgje av hjelpa. Høgsterett kom til at ein i denne saka burde gi eit frådrag på opp mot 20 prosent for hjelp til oppklaring av saka. Etter at det var teke omsyn til den unge alderen til den domfelte og at ho hadde ei lita dotter i heimlandet og tyngre soningstilhøve enn normalt, blei den samla straffa sett til fengsel i fire år.

Les avgjørelsen i sin helhet