Straffutmåling for lekamskrenking med betydeleg skadefølgje

Høgsteretts dom, 13.04.2012, HR-2012-00742-A, (sak nr. 2011/2110), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Falkanger, Matheson, Utgård, Endresen, Gjølstad

Saka gjeld straffutmåling for lekamskrenking med betydeleg skadefølgje, utført under særdeles skjerpande omstende. Opptakten til den straffbare handlinga var eit avtalt møte mellom den domfelte og den krenkte, som var kome i stand på grunn av ein konflikt dei imellom. Den domfelte fekk med seg tre yngre menn til møtet, med formålet å skremme og jule opp den krenkte. Da den krenkte oppfatta trusselen, sprang han frå møteplassen. Den domfelte og dei tre mennene følgde etter. Medan den domfelte etter kort tid snudde, heldt dei tre mennene fram. Den eine av dei hadde teke med seg ein kniv til møtet, og da han tok igjen den krenkte, stakk han han to gonger med denne kniven. Skadane var svært alvorlege, og dei kunne lett ha ført til tap av liv. Både tingretten og lagmannsretten la til grunn at den domfelte ikkje visste at mannen hadde med seg kniven. Den domfelte blei i begge instansar dømd til fengsel i eitt år og seks månader.

Sidan han utførte handlingane fem dagar før endringa av straffelova 25. juni 2010 – der den øvre strafferamma for lekamskrenkingar blei sett høgare, og der forarbeida peiker på ei skjerpa straffutmåling – blei det teke utgangspunkt i tidlegare utmålingspraksis. Sjølv om det etter rettspraksis skulle skje ei gradvis opptrapping, ville straffa ikkje nå opp til det nivået lovendringa førte med seg.

Ved straffutmålinga blei det lagt stor vekt på den sentrale rolla den domfelte hadde hatt i å planleggje det valdelege åtaket på den krenkte. Det måtte samtidig leggjast vekt på at han ikkje kjende til at ein av mennene hadde med seg kniv.

Straffa blei sett til fengsel i ti månader.

Les avgjørelsen i sin helhet