Vedtak om omsorgsovertaking i barnevernet

Høgsteretts orskurd, 19.06.2012, HR-2012-01262-A, (sak nr. 2012/379), sivil sak, anke over orskurd

I. A (advokat Petter A. Clemetsen) mot X kommune (advokat Irene Sogn)

II. X kommune (advokat Irene Sogn) mot A (advokat Petter A. Clemetsen)

Dommarar: Bårdsen, Tjomsland, Skoghøy, Kallerud, Gjølstad

Saka gjaldt vedtak om omsorgsovertaking i barnevernet. Hovudspørsmålet var om domstolane skal heve sak om rettsleg prøving av eit slikt vedtak, under tilvising til at barnevernstenesta – utan å fremme sak for fylkesnemnda – faktisk har tilbakeført omsorga til ein forelder. Anke over orskurd overført til munnleg avdelingsbehandling i Høgsterett, jf. domstollova § 5 første ledd andre punktum og tvistelova § 30-9 fjerde ledd.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, Y, gjorde i januar 2011 vedtak om omsorgsovertaking for to systrer på 14 og 10 år. Vedtaket blei oppretthalde av Oslo tingrett. Far anka tingrettsdommen til lagmannsretten, som gav samtykke til ankebehandling etter tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav b. Under saksførebuinga kom det fram opplysningar om jentene sin reaksjon på omsorgsovertaking som gav grunn til alvorleg uro for at dei kunne komme fysisk og psykisk til skade. Jentene hadde rømt frå barnevernsinstitusjonar ei rekkje gonger, og hadde etter den siste rømminga budd hos far i mange veker. Barnevernstenesta kom på dette grunnlaget til at omsorga no burde tilbakeførast til far, og bad lagmannsretten om dom for slik tilbakeføring, jf. barnevernlova § 4-21.

Lagmannsretten rekna omsorgsvedtaket som bortfalle, jf. tvistelova § 36-1 andre ledd andre punktum, og viste til at systrene allereie var flytta tilbake til faren, og at barnevernstenesta ikkje ønskte at omsorgsvedtaket skulle oppretthaldast.

Så vel faren som X kommune anka over orskurden i lagmannsretten. Dei viste til at kompetansen til å oppheve vedtak om omsorgsovertaking ligg hos fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, jf. barnevernlova § 4-21. Ved rettsleg prøving etter tvistelova kapittel 36 har også domstolane tilbakeføringskompetanse. Den kommunale barnevernstenesta har derimot ikkje heimel til å gjere vedtak om tilbakeføring, men må eventuelt be fylkesnemnda eller retten om å vedta tilbakeføring. Når saka står for retten, må retten prøve om det er eit reelt grunnlag for tilbakeføring, og eventuelt seie dom for det. Vurderinga til barnevernstenesta har stor vekt, men fylkesnemndene og domstolane har eit sjølvstendig ansvar for at det blir teke ei materielt riktig avgjerd, til beste for barnet. Saka kan ikkje hevast under tilvising til at den kommunale barnevernstenesta ikkje lenger ønskjer å oppretthalde vedtaket om omsorgsovertaking og reint faktisk også har tilbakeført barna.

Høgsterett var einig med dei ankande partane. Det blei vist til føresegnene i lova om kompetansetilhøvet mellom barnevernsteneste, fylkesnemnder og domstolar, omsynet til ei rettssikker og rasjonell saksbehandling som tek vare på interessene til barnet, og behovet for klarleik i heimels-, kompetanse-, og ansvarstilhøva.

Les avgjørelsen i sin helhet