Plenumssak om asyl og om opphald på humanitært grunnlag for asylsøkjarar frå Afghanistan

Høgsteretts dom 18. desember 2015, HR-2015-02524-P, (sak nr. 2015/203), sivil sak, anke over dom

Staten v/Utlendingsnemnda (regjeringsadvokat Fredrik Sejersted), Rettslig medhjelper: (advokat Marius Emberland), (advokat Marius Stub) mot A, B, C, D (advokat Christian Hauge), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (partshjelper) (advokat Jan Fougner), Redd Barna (parthjelper) (advokat Mads Andenæs)

Dommarar: Utgård, Bergsjø, Ringnes, Øie, Matheson, Bull, Matningsdal, Stabel, Tønder, Webster, Normann, Noer, Kallerud, Arntzen, Skoghøy, Indreberg, Bårdsen, Falch, Schei

Staten ved Utlendingsnemnda fekk medhald i at vedtaka er gyldige (dissens).

Utlendingsnemnda var komen til at ein familie heimehøyrande i Afghanistan hadde grunnlag for asyl ut frå forholda på heimstaden, men avslo søknaden fordi familien kunne visast til trygg internflukt i anna område i heimlandet. Høgsterett kom samrøystes til at det var rett når Utlendingsnemnda ved vurderinga av "barnets beste" i utlendingslova § 28 tredje ledd, jf. barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 hadde sett på dette med grunnlag i forholda på internfluktstaden, og at det ikkje skulle skje ei samanlikning av forholda for barna i Noreg og på internfluktstaden.

Anken førte heller ikkje fram når det gjaldt mangelfull grunngiving. Eit fleirtal på 10 av dei 19 dommarane meinte at domstolane i utgangspunktet har full kompetanse til å prøve kriteriet "ikke er urimelig" i asylvedtaket. Eit fleirtal på 13 dommarar kom til at asylvedtaket er gyldig. Eit fleirtal på 12 kom til at også vedtaket om opphald på humanitært grunnlag er gyldig.

Eit mindretal på seks dommarar meinte begge vedtaka er ugyldige fordi ei jente på nær seks år ikkje hadde fått høve til å møte personleg og uttale seg i nemndmøtet.

Dommen kastar mellom anna lys over "barnets beste"-vurderinga i utlendingssaker og  dessutan over prøvingsretten for kriteriet "urimelig" i utlendingslova § 28 femte ledd.

Leis heile avgjerda