Forsøk på valdtekt til samleie

Høgsteretts dom 1. februar 2019, HR-2019-189-A, (sak nr. 18-131695STR-HRET), straffesak, anke over dom 

A (advokat Marius Oscar Dietrichson) mot påtalemakta (førstestatsadvokat Anne Grøstad)

Dommarar: Endresen, Webster, Bull, Høgetveit Berg, Sæbø 

Ein mann blei dømd for forsøk på brot på straffelova 2005 § 292, jf. § 291, jf. § 16. 

Han hadde følgt etter ei kvinne inn på eit toalett og låst døra, gitt henne ordre om å kle av seg og slått henne hardt i ansiktet da ho nekta å etterkomme ordren om å kle av seg. Lagmannsretten fann det bevist at han hadde forsett om å fullbyrde valdtekt til samleie. Når han da med truslar og vald forsøkte å få den fornærma til å kle av seg, var den nedre grensa for forsøk på valdtekt til samleie overskriden. 

Dommen bidrar til å avklare grensa mellom straffri førebuing og straffbart forsøk.

Les heile avgjerda