Krav om skadebot etter at ein fraktførar utleverte varer til kjøparen trass i at seljaren hadde instruert om stansing

Høgsteretts dom 6. februar 2019, HR-2019-231-A, (sak nr. 18-051892SIV-HRET), sivil sak, anke over dom 

Genfoot Inc. (advokat Tage Brigt Andreassen Skoghøy) mot SCHENKERocean Ltd (advokat Hans Peder Bjerke)

Dommarar: Bull, Kallerud, Bergsjø og Høgetveit Berg og kst. dommar Sæbø

Høgsterett tok innleiingsvis stilling til om anken var sett fram i tide då den ikkje var levert i Aktørportalen, men per post. Høgsterett kom til at innføringa av obligatorisk bruk av Aktørportalen ikkje førte med seg at ankar med fristavbrytande verknad ikkje kan leverast per post på ordinær måte. 

Deretter tok Høgsterett stilling til om det låg føre stansingsrett i forholdet mellom seljaren og kjøparen. Dette rettsforholdet var regulert av kanadisk (Quebec) rett. Alle innvendingane mot stansingsrett vart forkasta, herunder spørsmåla om det var levert på kreditt, om kjøparens økonomi svikta allereie før fraktføraren hadde motteke varene, om varene var overgjevne til kjøparen ved dennes representant og om det krevst eit varsel for utøving av stansingsretten. 

Føresett at det låg føre kjøpsrettsleg stansingsrett, var hovudspørsmålet i saka om ein sjølvstendig fraktførar hadde plikt til å etterleva instruksen frå seljaren om å stanse utleveringa av varene til kjøparen – og om brot på denne plikt medførte ansvar i det konkrete tilfellet. Transporten var konnossementsbelagt. Høgsterett delte seg her 4-1. Fleirtalet kom til at fraktføraren var ansvarleg, medan mindretalet ville frifinne fraktføraren. 

Endeleg forkasta Høgsterett to anførslar om bortfall av ansvaret på grunn av medverknad eller gjeldsettergjeving. 

Dommen gjev rettleiing for ei rekkje spørsmål knytt til stansingsretten i kjøpsforhold og fraktførarens plikt til å etterleva ein stansingsinstruks.

Les heile avgjerda