Vikariat i deltidsstilling i sakbehandlingseininga

I Høgsteretts saksbehandlingseining er det for ein jusstudent ledig vikariat av eitt års varighet i deltidsstilling. Saksbehandlingseininga arbeider tett opp mot utgreiingseininga.

Arbeidet går ut på saksbehandling knytt til ankesakene, som innregistrering og utsending av saker. Arbeidstida er fleksibel, men fast omlag fire timar to dagar kvar veke. I periodar med stor arbeidsmengde, ferieavvikling og stort fråvær kan det vere behov for arbeid utover dette.   

Kvalifikasjonar:

  • Fullført 2. studieår på Master i rettsvitskap med gode eksamensresultat
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Stor arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • Fleksibilitet når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidstid 

Det er eit mål at staben skal spegle befolkningssamansetninga generelt, også når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd. 

Lønn i lønnstrinn 35 

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonsleiar Elisabeth F. Sandall på telefon 22 03 59 41. 

Søknadsfristen er 1. oktober 2018. Send søknad til post@hoyesterett.no