PRESSEMELDING

Høgsterett behandlar 15. – 17. januar 2019 sak 18-064307, straffesak, anke over dom, Rafael Uzakov og SIA North Star Ltd. mot påtalemakta

Høgsterett i storkammer med 11 dommarar behandlar 15. – 17. januar 2019 ei ankesak mellom partane som er nemnde ovanfor.

Saka gjeld ein anke frå Rafael Uzakov og SIA North Star Ltd. over dommen i Hålogaland lagmannsrett 7. februar 2018, der Rafael Uzakov og SIA North Star Ltd. blei straffedømde for å ha fangsta snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel i fiskevernsona ved Svalbard utan løyve frå norske myndigheiter i strid med havressurslova § 61, jf. forskrift om forbud mot fangst av snøkrabbe § 1 og § 2. Ankane gjeld lovbruken i lagmannsretten.

Hovudspørsmålet i saka er om Noregs folkerettslege forpliktingar er til hinder for å straffe Rafael Uzakov og SIA North Star Ltd. for dei aktuelle fangsthandlingane, jf. straffelova § 2 og havressurslova § 6, der det står at norsk straffelovgiving gjeld med dei avgrensingane som følger av folkeretten.

Forhandlingane i storkammer er avgrensa til å gjelde spørsmålet om snøkrabben er ein sedentær art etter havrettskonvensjonen art. 77, og om fangst av snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel utan at fartøyet har ein gyldig dispensasjon frå forbodet, er straffbart uavhengig av om Svalbardtraktaten gjeld i det aktuelle området, og uavhengig av om forskrifta om forbod mot fangst av snøkrabbe, eller praktiseringa av forskrifta, strir mot likebehandlingsprinsippet. Det inneber at forståinga av Svalbardtraktaten ikkje skal behandlast.

Ankeforhandlinga går føre seg i rettssalen til Høgsteretts andre avdeling. Forhandlingane startar kl. 9.00 og varer fram til kl. 14.30 den 15. og 16. januar 2018. Den 17. januar 2019 varer forhandlingane til kl. 11.45.

Ankeforhandlinga er open for pressa og allmenta.