Jordskifteoverretten vert integrert i lagmannsretten frå årsskiftet

Den nye ordninga inneber ei ny rettsmiddelordning for ankar over jordskifteavgjerder.

  • Jordskifte­overrettane vert avvikla når den nye jordskiftelova (Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. av 21. juni 2013 nr 100) trer i kraft 1. januar 2016.
  • Gulating jordskifteoverrett vert integrert i Gulating lagmannsrett.

Etter den nye ordninga skal alle ankar i saker etter jordskiftelova behandlast av lagmannsretten. Lagmannsretten får tilsett jordskiftelagdommar og jordskifteteknisk personale. Jordskifte­lagdommaren skal delta ved behandling av anke over jordskifteavgjerd. I tillegg kan jordskifte­lagdommaren  delta i over­skjønn og i sivile ankesaker frå jordskifte­rettane eller frå tingrettane når saka gjeld bruks- eller eigedomsrett til fast eigedom.

Rettsmiddelordninga er bygd opp med grunnlag i kva avgjerdsform jordskifteretten har nytta, jf. jordskiftelova § 6-23. Kvar enkelt avgjerds­form har eigne reglar for korleis anken skal behandlast i lagmannsretten.

Anke over jordskifteavgjerd skal behandlast etter særlege reglar i jordskifte­lova. Til skilnad frå vanleg sivil anke, gjeld ikkje regelen om verdigrense på kr 125 000 i slike saker. For jordskifte­avgjerd kan lagmanns­retten nekte å ta anken opp til behandling, når retten finn det klart at anken ikkje vil føre fram, jf. jordskiftelova § 8-8 tredje ledd. Saksførebuinga i jordskifteretten skjer etter jordskifte­lova § 8-6 andre og tredje ledd. Ved behandlinga i lagmannsretten skal  jordskifte­lagdommaren delta. Normalt vil slik anke bli avgjort av jordskifte­lagdommar og meddommarar, men førstelagmannen er gitt mynde til å setje saman retten på fleire ulike måtar, jf. jordskiftelova § 8-7 andre ledd.

Anke over dom, orskurd eller vedtak (beslutning) skal, som tidligare, behandlast etter reglane i tvisteloven. Ankeerklæringa må fylle krava i tvistelova § 29-9. Det er krav til samtykke dersom ankegjenstanden har ein verdi mindre enn kr 125 000. Jordskifteretten utfører mellombels  behandling av anken etter reglene i tvistelova § 29-10. I lagmannsretten vil normalt tre fagdommarar behandle ankesaka. Jordskifte­lagdommaren kan vere ein av tre fagdommarar i slike saker, men dette er opp til første­lagmannen å avgjere, jf. nytt andre ledd i domstollova § 12.

Anke over skjønn vert å behandla på to ulike måtar: Dersom jordskifteretten har halde skjønnet i samband med sak for jordskifteretten, skal anke behandlast etter same reglar som for jordskifte­avgjerd. Dersom jordskifteretten har halde skjønn som eiga sak, er det skjønnslova sine reglar som gjeld for all saksbehandling. Dette fører til at rettsmiddelet for skjønn i eiga sak er krav om overskjønn til lagmannsretten. Ved krav om overskjønn går prosessreglane fram av skjønns­lova og tvistelova.

Anke over orskurd og vedtak (beslutning) føl reglane i tvistelova.

Når fleire avgjerder vert anka samstundes i same sak, kan dei behandlast som ei sak i lagmanns­retten. Dersom t.d. både dom og jordskifteavgjerd vert anka samstundes, kan førstelagmannen avgjere at ankane skal behandlast som ei sak i lagmannsretten, jf. jordskiftelova § 8-1 sjette ledd. I slike høve skal det berre betalast eitt gebyr. Ved slik sams behandling avgjer førstelagmannen rettens samansetnad, jf. jordskiftelova § 8-7 tredje ledd.

Gebyrspørsmål

Etter § 7-11 i jordskiftelova skal den som ankar ei jordskifteavgjerd, betale gebyr for behandlinga i lagmannsretten og bere kostnadene med ankebehandlinga. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet. Dette fører vidare hovudregelen i den gamle jordskifte­lova, men storleiken på gebyret er auka. Gebyret vert etter den nye lova fastsett etter rettsgebyr­lova § 8. Dette er dei same reglane som for anke over dom. Det inneber at inngangsgebyret for anke over jordskifteavgjerd og dom er 24 gonger rettsgebyret (R) for ankeforhandling som ikkje tek meir enn ein dag. Tek ankeforhandlinga meir enn ein dag, kjem i tillegg 3 R for dag to til og med dag fem, og etter det 4 R for kvar dag.

For anke over ordskurd eller vedtak (beslutning) er det ikkje endringar. Gebyret er 6 R.

Etter dei satsane som gjeld i 2015, er R kr 860. Det vil seie at inngangsgebyret er kr 20 640 for anke over jordskifteavgjerd og dom. For anke over ordskurd og vedtak (beslutning) er gebyret kr 5 160.

Frå 1.1.2016 er R kr 1 025. Det vil seie at inngangsgebyret er kr 24 600 for anke over jord­skifte­­avgjerd og dom. For anke over ordskurd og vedtak (beslutning) er gebyret kr 6 150.