Pressemelding og dom - innsidehandel

Dom i "Innside-saken"

Gulating lagmannsrett avsa 26. oktober 2015 dom i den såkalla Innside-saka, óg omtala som Acta-saka.

Saka gjeld økonomiske brotsverk som fann stad i perioden 23. august 2004 til 8. august 2008.

Då saka gjekk for tingretten vart alle dei tiltalte funnen skuldige. Samtlege anka til lagmannsretten.

Saka gjekk for Gulating lagmannsrett i Stavanger i åtte månader frå 2. september 2014 til 30. april 2015.

Hovudtiltalte og fem av dei seks medtiltalte vart funnen skuldige etter samtlege tiltalepostar, men i noko mindre omfang enn for tingretten. Ein vart frifunnen. Samtlege av dei skuldige vart dømde til fengselsstraffar. For alle dei dømde vart ein del av straffa gitt på vilkår på grunn av den lange tida som hadde gått.

Dei dømde vart funnen skuldige i brot  på meldeplikta etter verdipapirhandellova. Dette vart óg rekna som marknadsmanipulasjon. Det gjaldt svært mange handlar med til dels store beløp. Noko som gjorde potensialet for kurspåvirkning særleg stort. Dei tiltalte stod for omlag 10 % av omsetninga av Acta-aksjar i tiltaleperioden. Lagmannsretten la til grunn at om meldeplikta hadde blitt etterlevd, hadde marknaden blitt kjent med hovudtiltalte si rolle i omsetninga. Det ville i vesentlig grad ha påverka kursen. Tiltalen gjaldt óg innsidehandel.  

Den hovudtiltalte, som måtte svare for den mest omfattande tiltalen, vart funnen skuldig i samtlege forhold. Lagmannsretten kom til at han, medan han var primærinnsider, måtte tilskrivast meir enn 1 500 kjøp/salg over ca. 600 børsdagar. Samla omsetning var på meir enn kr. 3 milliardar. Lagmannsretten meinte dette utgjorde rundt 10 % av den samla omsetningen i tiltaleperioden. Det var derfor tale om svært store verdiar. Fordi hovudtiltalte heldt si eiga rolle skjult, vart dei vanlege marknadsmekanismane sett ut av spel. Straffa for hovudtiltalte vart sett til fengsel i 9 år der 1 år og 6 månader var på vilkår grunna tidsbruken.  

Hovudtiltalte sin svoger gav ei tilståing medan saka stod for lagmannsretten. Dette vart vektlagt ved straffutmålinga. Lagmannsretten fann at han hadde handla aktlaust den første tida og seinare med forsett. Straffa vart sett til fengsel i 4 år og 6 månader der 1 år og 6 månader var på vilkår.   

For ein medtiltalt forretningsmann, og ven av hovudtiltalte, vart straffa sett til fengsel i 5 år og 6 månader der 1år og 6 månader var på vilkår.

For ein tidlegare kollega av hovudtiltalte vart straffa sett til fengsel i 4 år der 1 år og 6 månader var på vilkår.

For ein av den hovudtiltalte sine samarbeidspartnarar vart straffa sett til fengsel i 4 år, der 1 år og 6 månader var på vilkår. Her vart det mellom anna lagt vekt på at han hadde hatt ein meir underordna rolle. Han hadde óg bidratt til å opplysa saka då han forklarte seg for politiet – sjølv om han seinare gjekk frå delar av forklaringa.

For hovudtiltalte sin halvbror vart straffa sett til fengsel i 2 år der 1 år var på vilkår.

Den hovudtiltalte sin tidlegare vaktmeistar vart heilt frifunnen.

Den hovudtiltalte vart dømd til å tola inndraging av vinning med kr. 25 mill. og den medtiltalte, tidlegare kollegaen, vart dømd til å tola inndraging av kr. 5 mill.

Saka er den mest omfattande økonomiske straffesaka Gulating lagmannsrett har avgjort til no. For første gong i lagmannsretten sin historie vart alle dokumenta lagt fram elektronisk. Dokumentmengda i saka var på nesten 50 000 sider og retten var innom ca 5 000 av desse.   

 

Her kan du lese dommen.