Årsmelding 2018

Frå førstelagmannen

Foto: Bjørn Erik Larsen

Årsmelding 2018

Det har skjedd store endringar i domstolane i 2018.
Me er for tida inne i ein digitaliseringsprosess som radikalt
vil endra måten me arbeider på. Aktørportalen vart obligatorisk i løpet av hausten og i sivile saker må alle advokatar no kommunisera med oss digitalt gjennom portalen. Vidare vert fleire og fleire rettsmøter gjennomført digitalt ved at dokumenta i sakene vert henta fram på skjermar i staden for på papir.

Digitaliseringa er heilt nødvendig, men til tider óg noko smertefullt for både oss og aktørane. For det meste har det likevel gått svært bra. Det går fram av eit intervju med ein meddommar og eit par medarbeidarar i domstolen som du kan lesa i denne årsmelding.

I 2018 vart juryordninga avvikla og erstatta av ei ordning der dei aller fleste straffesaker no vert handsama av 2 fagdommarar og 5 meddommarar.
I årsmeldinga dette året har ein av våre mest erfarne lagdommarar delt nokre av sine tankar knytt til omlegginga.

Omlegginga har gjort det mogleg for oss å innreia eit eige meddommarrom som vil stå klart på nyåret i 2019. Vona er at me på den måten lettare og betre kan gje alle som har påteke seg å vera meddommar hjå oss god informasjon og svara på små og store spørsmål. Meddommarane er sentrale aktørar og viktige for tilliten til domstolane og omdømet vårt. Korleis me samhandlar med dei er viktig for oss, og nedfelt i ein eigen vegleiar som har kome til etter innspel frå meddommarne og medarbeidarane i domstolen.

Me har i løpet av 2018 óg fått på plass ein vegleiar for ankeforhandlingane i straffesaker. Den gjer på ein kortfatta måte greie for kva me forventar av aktørane i retten og kva dei kan forventa av oss. Me vonar at den kan bidra til å skapa forutsigbare og effektive rammer rundt forhandlingane. Innhaldet i retningslinene og arbeidet med dei får du óg veta meir om i årsmeldinga.

I Gulating har me i lang tid lagt vekt på å ha eit godt og profesjonelt rettsmeklingstilbod som me i 2018 har arbeidd med å utvikla vidare. Vår mest erfarne rettsmeklar deler i årsmeldinga sine tankar rundt rettsmekling i lagmannsretten.

Me har kontinuerlig fokus på korleis me kan driva fram forbetring og utvikling. Domstolane har dei siste åra fått store kutt i budsjetta sine og taper stadig budsjettkampen mot andre statsmakter. Dersom den negative utviklinga fortset, fryktar me at utviklingsarbeidet vert hindra og at sakshandsamingstidene går opp. Kampen for meir ressursar er difor noko me og vil ha fokus på i 2019.

førstelagmann Magni Elsheim

 


 

 

Årsmelding 2018      Årsmelding 2017