25 millionar til videoutstyr i domstolane
Invalid Date

Regjeringa foreslår i den såkalla «nysalderinga» at Stortinget skal løyva 25 millionar kroner til fornying av videoutstyr i domstolane. Nysalderinga er ei justering av statsbudsjettet for inneverande år.
Avdelingsdirektør Jann Ola Berget i Domstoladministrasjonen er svært fornøgd med regjeringsforslaget.
– Vi får øyremerka midlar til å investera i utstyr som domstolane har blitt avhengige av. Det er bra, og bidreg til å letta den krevjande økonomiske situasjonen for Noregs domstolar.
Domstolane har vorte tilførte mykje teknisk utstyr dei siste åra, både for å kunna gjennomføra digitale og hybride rettsmøte under pandemien, men også som ein del av det generelle digitaliseringsarbeidet.
– Ein stor del av videosystema i domstolane har blitt så gamle at dei har nådd sin maksimale alder. Dette betyr at det ikkje lenger blir sikkerheitsoppdateringar laga til desse systema.
– Derfor er det heilt nødvendig å investera i nytt utstyr, forklarer Berget.
– Vi vil leggje fram eit konkret forslag til disposisjon av desse midlane for styret i møtet deira den 18. desember, avsluttar Berget.