Årsmeldinga for 2022 er klar

Invalid Date

Illustrasjonsbilde

2022 var det første heile året med den noverande domstolsstrukturen i tingrettane og jordskifterettane. I årsmeldinga kan du mellom anna lese om rettsmekling, om samisk rettstryggleik, statistikk, utvikling av digitale løysingar og om utviklingstrekk i samfunnet som kan påverke domstolane framover.

Her er nokre stikkord frå årsmeldinga:

  • Om lag 1/3 av tingrettane var utanfor Stortinget sitt mål om ei saksbehandlingstid på seks månader.
  • Tiltruundersøkinga for 2022 viser at 87 prosent av befolkninga har svært stor eller ganske stor tiltru til domstolane, mot 90 prosent i 2021.
  • Tingrettane har hatt ein stabil meklingsandel på 27 prosent dei tre siste åra. I 2022 har det vore ein auke i forliksprosent frå 70 prosent i 2021 til 74 prosent i 2022.
  • I 2022 blei 20 rettssalar heildigitalisert, og ytterlegare 20 rettssalar blei oppgraderte for å tilfredsstille vedtatt standard.
  • I 2022 hadde alle tingrettane tatt i bruk Aktørportalen for meddommarar. Alle jordskifterettane tok i bruk Aktørportalen for sjølvprosederande partar i 2022.
  • Det er sett i gang eit kompetanseløp for rettsmeklarar i tingrettane og jordskifterettane. Første kull med 32 deltakarar starta opp i november 2022.
  • Domstoladministrasjonen har i samarbeid med jordskifterettane utarbeidd ein strategi for bruk av dronar i jordskiftesaker.
  • I april 2022 blei domstol.no lansert i ny drakt, både når det gjeld design, navigasjon og innhald.
  • Noregs domstolar arbeider aktivt med å auke bruken av samiske språk, mellom anna gjennom omsetting av rettsavgjerder og ved å nytte samisk i årsmeldingar og på domstol.no.

Her finn du årsmeldinga.