Årsstatistikk for 2022
Invalid Date

No er årsstatistikken for 2022 klar.
Saksnedgangen for tvistesaker held fram. For lagmannsrettane er det ein stor nedgang, med heile 10 prosent færre tvistesaker i 2022 enn i 2021. For tingrettane er det ein liten nedgang.
Jordskifterettane hadde også ein nedgang i 2022, men det må sjåast i samanheng med at saksinngangen var høg i 2021. Jordskifterettane var svært effektive i 2022, og har fått redusert restansane kraftig.
Restansane og saksbehandlingstida i lagmannsrettane går ned. Borgarting er eit godt døme på dette. Dei hadde svært gode resultat i 2022
Fleire overheld Stortingets saksbehandlingsfristar
Det er ein nedgang i andelen domstolar i førsteinstans som ikkje overheld Stortingets saksbehandlingsfristar. Eitt døme er Trøndelag tingrett, som no har betre resultat enn dei fire enkeltståande domstolane nokon gong hadde før reforma. I tillegg til å arbeida raskt, har domstolen hatt fokus på å få like gode og føreseielege tenester i heile fylket.
Det er tidlegare dokumentert i ei undersøking av effektar av reforma at domstolane får gjort meir enn før, fordi ressursane kan brukast på tvers av rettsstadene.