Grenselaus moglegheit som dommar i Nordfjordeid

Invalid Date

Bilete frå grensemerking i Gloppen kommune.
Grensemerking i Gloppen kommune. Foto: Sogn og Fjordane jordskifterett

Vil du arbeide som jordskiftedommar? Ved Sogn og Fjordane jordskifterett på Nordfjordeid er det ei ledig stilling. Her vil du få moglegheit til å arbeide med interessante og utfordrande spørsmål innan eigedomsrett i vakre omgjevnader i Nordfjord.

Jordskifterettane er inne i ei spennande tid med modernisering og digitalisering. Dronar er også i ferd med å bli eit nyttig verktøy i arbeidet.

Her finn du stillingsannonsen.

Nordfjord - regionen som har alt

Nordfjord byr på noko for alle. Naturen er mangfaldig og spektakulær - regionen har fjord og fjell, sandstrender og klipper. I tillegg til vill natur, byr området på storslagne kulturelle opplevingar.

På Nordfjordeid finn du det einaste operahuset i Noreg som ligg utanfor Oslo. Tilbodet her er variert med alt i frå konsertar innan ulike musikalske sjangrar til teateroppsetjingar av forskjellig slag.

Du finn alt du treng for å leve eit godt liv i Nordfjord – skular, sjukehus, legevakt, handels- og servicetilbod, offentlege kontor, idrettshallar og det meste anna. Jobbmarknaden er stor, sidan det er lett å pendle mellom dei ulike bygdene dersom ein ønskjer det. Her er eit uttal av flotte arbeidsplassar i rimeleg avstand, og dessutan køfrie vegar og god tid til morgonkaffien. Her er bedrifter som er leiande i markedet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Du kan bu ved havet eller i innlandet, i Nordfjord vil du alltid finne ein plass du vil trivast. Området har små og store bygder som Nordfjordeid, Sandane, Stryn, Loen, Selje og Ervik. Her kan du gå fotturar, surfe eller drive med stisykling. I Stryn kan du stå på ski både vinter som sommar. Naturen på Stadlandet ytst i Nordfjord inngår i utvalde kulturlandskap i landbruket og kan by på storslagne opplevingar. Om ein ynskjer rolegare opplevingar, kan ein slappe av på spa eller ta ein rusletur i den idylliske Eidsgata med særprega kafear som folk kjem langvegsfrå for å besøkje.

«Viss du tar ein tur til Nordfjord kan fort oppleve at - du aldri meir vil reise her ifra»
*Frå songen Hjartestad med artistar frå Nordfjord

Om Sogn og Fjordane jordskifterett

  • Er lokalisert på rettsstadene Førde, Nordfjordeid og Sogndal
  • Består av ein jordskifterettsleiar, sju dommarar, sju ingeniørar og fem sakshandsamarar.
  • Behandlar saker frå kommunane Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.