Nye lokale i Molde for Møre og Romsdal tingrett
Invalid Date

Domstolens nye lokale i Fylkeshuset i Molde har gått gjennom ei stor oppgradering og vart klare like før jul. Måndag 20. mars vart dei vist fram for politikarar, advokatar, påtalemakt og andre inviterte gjestar.
I talen sin i samband med opninga påpeika direktør Sven Marius Urke i Domstoladministrasjonen at ombygging og rehabilitering er finansiert i sin helhet gjennom domstolane sitt eige budsjett.
Oppussinga av lokala kom i gang før budsjettkutta i domstolane i 2021/2022, påpeika han.
Heilt i front digitalt
Alle rettssalar er no fullt utstyrt med det siste av digitale verktøy. Både tilhøyrarar og partar i rettssalane kan følgja med på skjermar for å sjå dokument og bevis. Sårbare vitne har høve til å sitje ein annan stad og vitne via video. Det er lagt til rette for fulldigital gjennomføring av hovudforhandlingar, som mellom anna betyr at ein dommar kan leia ei hovudforhandling frå ein annan stad. Som siste oppgraderte rettsstad er Molde no heilt i front digitalt.
I tillegg er tilkomsten til rettslokala betra for politiet som no har fått eigen garasje, og dermed skjerma inngang til venteceller for den tiltalte. Frå ventecellene er det direkte tilgang til rettssalene. Tidlegare måtte den tiltalte gå gjennom dei vanlege korridorane i fylkeshuset på veg til rettssalen.
Vore kjempa lenge for betre lokale
Det har i mange år vore kjempa for betre domstollokale i Molde. Mellom anna vart det for nokre år tilbake prosjektert for eit eige tinghus i byen. Tinghusplanane vart lagde vekk i 2017, og i staden vart løysinga å forbetra lokala tingretten allereie hadde i fylkeshuset.
Eigedomsselskapet Fylkeshuset er eigar av lokala og stod for ombygging og rehabilitering. Ein langsiktig leigeavtale er no underskriven med Domstoladministrasjonen, og finansiering skjer gjennom auke av husleige.