-Frå flott utanpå til fantastisk innvendig
Invalid Date

Det sa styreleiar i Domstoladministrasjonen Cecilie Ø. Berglund sin helsingstale, og samanlikna den 100 år gamle Sorenskrivergarden mot dei nye topp moderne lokala då Møre og Romsdal tingrett offisielt opna dei nye rettslokala i Volda.
-Me treng slett ikkje prangande rettsbygningar heldt Berglund fram. - Dei som kjem hit skal møtast med respekt, og domstolen skal vera ein stad for konfliktløysing og rettferd.
Verdigheit og nøytralitet
Sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett Kirsti Høegh Bjørneset kunne stolt vise fram dei nye lokala til mellom anna statsråd Emilie Enger Mehl som var ein av dei innbodne gjestene, og viste til at ro verdigheit og nøytralitet var tre stikkord som beskriv dei nye lokala godt. Sorenskrivar Bjørneset nytta også høvet til å rosa brukarutvalet og dei tilsette i prosessen. – Dei har gjort ein kjempejobb!
Statsråd Mehl sa i talen sin at ho hadde besøkt den gamle Sorenskrivargarden fleire gonger med stor glede, og at ho håpa ho kunne få eit nytt liv. Mehl heldt fram med at det er viktig korleis domstolane står fram, og la til at dei nye lokala har ein fin fasade som gir det offisielle utrykket ein rettsbygning skal ha utan å vera prangande. – Dei nye lokala gir grunnlag for å gi gode tenester fortsette statsråd Mehl.


Nynorsk over landet
Mehl ønskte også å slå eit slag for nynorsk skriftspråk.
- Eg er for nynorsk i den norske skulen, også på Austlandet, og framheva nynorsk språkkultur som viktig. Statsråden heldt fram med å visa til satsinga til regjeringa på digitalisering, og la til at det er dyrt og ta ei sak til retten, og at regjeringa vil jobba framover med korleis dei kostnadene kan reduserast.
- Me har hatt endringa i domstolstrukturen ute på høyring, og det kjem me tilbake til om ikkje lenge.
– Me veit det er engasjement der ute, og framleis ei viktig sak for mange lokalt avslutta statsråd Emilie Enger Mehl.