Kva me kan hjelpa deg med
Ved å ta kontakt med jordskifteretten, kan du:
- få svar på generelle spørsmål som gjeld jordskiftelova og kva saksområde jordskifteretten arbeider med.
- få hjelp til å sette opp krav om sak for jordskifteretten.
- som part i ei sak få innsyn i alle dokument som gjeld saka.
- få greie på om det tidlegare har vore jordskiftesak som gjeld ein bestemt eigedom.
- få bestilt jordskiftekart frå tidlegare jordskiftesaker innan retten sitt distrikt.
Jordskifteretten er ein domstol og skal vera uhilda, me kan difor ikkje gjera noko konkret vurdering av saker. Det er difor ein del spørsmål me ikkje kan hjelpa deg med:
Dette kan me ikkje hjelpa deg med
- me har ikkje kopi av gamle saker som er kravd før 1990 ved tidlegare Indre Hordaland jordskifterett og saker som er kravd før 1985 ved tidlegare Nord- og Midhordland jordskifterett.
- me kan ikkje uttala oss om pågåande saker i vårt eller andre sitt sokn
- konkrete problemstillingar om eigedomar eller andre tvistar vil de heller ikkje få svar på
- data frå grunnbok tinglysing har me heller ikkje tilgang til
Her kan du få hjelp:
- Jordskifterettens saksarkiv - Se jordskiftesak
- Digitalarkivet (Pantebøker, Jordskifteprotokollar, Grunnboksblad mm) Lenke https://www.digitalarkivet.no/
- Statsarkivet (Saker frå før 1990) https://www.arkivverket.no/om-oss/besok-oss/statsarkivet-i-bergen
- Statens kartverk (Grunnbok og tinglysing) https://www.kartverket.no/eiendom