Dersom du ønskjer å krevje gjenopning av ei avgjerd frå Gulating lagmannsrett i ei sivil sak, må kravet (begjæringa) sendast anten til Eidsivating lagmannsrett, Borgarting lagmannsrett, Frostating lagmannsrett eller Agder lagmannsrett.
Dersom du ønskjer å krevje gjenopning av ei sivil avgjerd frå Frostating lagmannsrett, Eidsivating lagmannsrett, Borgarting lagmannsrett eller Agder lagmannsrett, kan kravet sendast til Gulating lagmannsrett. Då kan du nytte skjemaet nedst på sida.
Eit krav om gjenopning kan òg leggjast fram munnleg ved personleg frammøte i retten. Lagmannsretten kan då hjelpe til med å setje opp eit formriktig kravsmål. Lagmannsretten kan ikkje gje råd om det nærare innhaldet i kravsmålet. Dersom du ønskjer slik rettleiing, må du ta kontakt med ein advokat eller eit rettshjelpstiltak som gjev gratis rettshjelp og rettleiing.
Dersom du krev gjenopning utan advokat, må du som hovudregel betale rettsgebyr forskotsvis (Rettsgebyr og kostnader | Norges domstoler). Ved innlevering av kravet må det som hovudregel betalast seks gonger rettsgebyret. Dersom kravsmålet vert teke til følgje, må det som hovudregel betalast eit eige rettsgebyr for den nye handsaminga av saka.
Slik sender du inn kravsmål om gjenopning:
Du kan velje mellom å
- sende underskrive gjenopningskrav som vanleg post til Gulating lagmannsrett, postboks 7414, 5020 Bergen,
- sende gjenopningskravet som skanna vedlegg på e-post til gulating.lagmannsrett@domstol.no. Det vedlagde kravet må då vere digitalt signert via ei teknisk løysing som gjev tryggleik for signaturen, til dømes Posten si signeringsløysing,
- levere gjenopningskravet personleg eller munnleg i lagmannsretten. Dersom du ønskjer å leggje fram eit krav om gjenopning munnleg, kan du kontakte Gulating lagmannsrett på telefon 55 69 39 00 eller e-post gulating.lagmannsrett@domstol.no for å avtale tidspunkt.
Skjema for krav om gjenopning: