Sende anke over avgjerder frå Gulating lagmannsrett til Høgsterett utan hjelp frå advokat/forsvarar

Som ankande part utan prosessfullmektig i sivil sak, må du ved anke til Høgsterett som hovudregel betale rettsgebyr forskotsvis (Rettsgebyr og kostnader | Noregs domstolar). 

Slik kan du levere anke over lagmannsretten si avgjerd:

Du kan velje mellom å

  • sende underskriven anke som vanleg post til Gulating lagmannsrett, postboks 7414, 5020 Bergen, 
  • sende anken som skanna vedlegg til gulating.lagmannsrett@domstol.no. Anken som vert lagt ved e-posten må då vere digitalt signert via ei  teknisk løysing som gjev tryggleik for signaturen, til dømes Posten si signeringsløysing,
  • levere anke personleg eller munnleg i lagmannsretten. Dersom du ønskjer å gje ein anke munnleg, kan du kontakte Gulating lagmannsrett på telefon 55 69 39 00 eller e-post gulating.lagmannsrett@domstol.no for å avtale tidspunkt.
    Lagmannsretten kan bistå med å setje opp ein anke som oppfyllet formkrava, men gjev ikkje materiell juridisk rettleiing. Det vil seie at lagmannsretten ikkje kan gje råd om det nærare innhaldet i anken. Dersom du ønskjer rettleiing om innhaldet, må du ta kontakt med advokat eller eit rettshjelptiltak som gjev gratis rettshjelp og rettleiing.

 

Nedanfor finn du skjema som kan nyttast dersom du sjølv vil setje opp anke over lagmannsretten sine avgjerder i straffesak eller sivil sak:

Anke over nektingsvedtak i straffesak til Høgsterett (Word, nynorsk)

Anke over nektelsesbeslutning i straffesak til Høyesterett (Word, bokmål)

Anke over sivil avgjerd til Høgsterett (Word, nynorsk)

Anke over sivil beslutning til Høyesterett (Word, bokmål)

Anke over sivil dom til Høgsterett (Word, nynorsk)

Anke over sivil dom til Høyesterett (Word, bokmål)

Anke over sivil orskurd til Høgsterett (Word, nynorsk)

Anke over sivil kjennelse til Høyesterett (Word, bokmål)