Det vart etablert fem slike lagting, og Gulating var eitt av desse. I samband med lagtinga vart det etablert ei ordning med rettskyndige tillitsmenn, kalla lagmenn. Dei hadde som oppgåve å forklara tingmennene korleis lovene var å forstå.
Ordninga med lagting varte frem til 1797. Då vart den avløyst av ei ordning med fire stiftsoverrettar. Den eine av desse var Bergen stiftsoverrett som handsama apellsaker, frå vestlandsfylka óg frå Agderfylka og deler av Telemark.
Ved straffeprosesslova av 1887 vart lagretteordninga innført i Norge. Straffesakene vart etter det handsama av seks nyoppretta lagmannsrettar, anten som første instans eller som ankeinstans. Etter at straffeprosesslova trådte i kraft i 1890 var Gulating lagmannsrett ein domstol for straffesaker. Lagdømet omfatta lagsokna Stavanger, Bergen, Bergenhus og Romsdal. Domstolen hadde berre ein fagdommar som var felles med Frostating og som stort sett hadde sin faste bustad i Trondheim.
I 1915 var det vedteke ei ny prosessordning, som trådte i kraft frå 1936. I samband med det vart Bergen overrett og Gulating lagmannsrett slått saman under namnet Gulating lagmannsrett. Embetskretsen omfatta vestlandsfylka, slik det óg er i dag.
Den første lagmannen etter samanslåiinga var A. E. Soelseth. Domstolen fekk i tillegg tre faste dommarar og ein hjelpedommar.
Domstolsleiarar i Gulating (frå 1986 med tittel førstelagmann) har frå 1936 vore:
- E. Soelseth 1936-1946
- E. T. Eftestøl 1946-1969
- H. F. Marthinussen 1969-1988
- E. A. Foss 1988-1996
- Magnus Matningsdal 1996-1997
- Arne Fanebust 1997- 2004
- Rune Fjeld 2004 - 2007
- Bjørn Solbakken 2008 - 2014
- Magni Elsheim 2015 - dd