Leiargruppa i Gulating:
- Førstelagmann Magni Elsheim
- Lagmann Rolf Strøm
- Lagmann Roar Klausen
- Lagmann Guri Elisabeth Molven
- Direktør Kari Tepstad Utvær
Lagmannsretten har 33 faste dommarembete, inklusive førstelagmannen og 3 lagmenn. Omlag 40% prosent av dommarane er kvinner.
Domstolen har vidare ein direktør, 8 juridiske utgreiarar, omlag 25 saksbehandlarar/administrative stillingar inkludert sekretariatsleiar og sikkerheitssjef.
I tillegg til dei faste årsverka har me ekstraordinære lagdommarar, tilkalla dommarar, konstituerte lagdommarar, rettsbetjentar, og vikarar som arbeider i Gulating.
Gulating lagmannsrett er delt inn i følgjande avdelingar og utval/einingar.
Administrasjonsavdelinga
Administrasjonsavdelinga har ansvar for fellestenester som budsjett, HR, IKT, sikkerheits- og servicetenester, rettsbetjentar, informasjon og andre stabsoppgåver. Avdelinga vert leia av direktøren. Avdelinga har óg eit sekretariat.
Sekretariatet
Sekretariatet består av om lag 15 faste sakshandsamarar og vert leia av ein sekretariatsleiar. Sekretariatet har som hovudoppgåve å leggje til rette for ankehandsaminga av sivile saker og straffesaker i lagmannsretten. Eininga ligg i administrasjonsavdelinga.
Dei dømmande avdelingane (1 og 2)
Dommarane er delt i to avdelingar som vert leia av kvar sin avdelingslagmann. Dommarane handsamar alle typar ankar over dom i sivile saker og straffesaker, fyrsteinstanssaker, overskjønn og ankar frå jordskifterettane.
Ankeutvalet
Dommarane i lagmannsretten gjer etter turnus teneste i ankeutvalet. Ankeutvalet handsamar: Ankar over ordskurd og vedtak i straffesaker (typisk fengslingssaker), ankeprøving over dom i straffesaker (siling), anke over ordskurd og vedtak i sivile saker. Dommarane i ankeutvalet har óg ansvar for saksførebuinga i anke over dom i sivile saker. Ankeutvalet er leia av ein lagmann. For tida er det fem dommarar i ankeutvalet. Det er fem ankeutval gjennom året, tre i første halvår og to om hausten. Kvar utvalsperiode er på 8-9 veker.
Utgreiareininga
Utgreiareininga er knytt opp til ankeutvalet ved at utgreiarane etter nærare retningsliner vert tildelt saker til utgreiing. Utgreiareininga vert leia av lagmannen for ankeutvalet og nestleiar for eininga.