Brukarundersøkinga 2026

Invalid Date

Gruppe med mennesker
Ei undersøking skal gje meir kunnskap om korleis brukarane opplever domstolane.

I perioden 01.09. til 30.10.2026 gjennomfører Noregs domstolar ei brukarundersøking om korleis domstolane blir oppfatta av dei som møter i retten.

Undersøkinga er ein del av domstolane sitt arbeid med kvalitetsutvikling og brukardialog. Føremålet er å få meir kunnskap om brukarane si oppleving av domstolane sitt sjølvstende og kvalitet.

Gå til brukarundersøkinga (survey-xact.no)

For alle som deltek i rettsmøte

Undersøkinga rettar seg mot personar som deltek i rettsmøte i undersøkingsperioden. Svara blir gjevne digitalt via QR-kode eller lenkje. QR-kodar, lenkje og informasjon om undersøkinga vil vere tilgjengelege på plakatar og informasjonsmateriell i alle tinghus, mellom anna i publikumsområde og ved rettssalane. Resultata vil inngå i det vidare arbeidet med å utvikle og forbetre tenestene til domstolane.

Viktig at alle deler erfaringane sine

Har du delteke i eit rettsmøte i undersøkingsperioden, oppmodar vi deg til å svare på undersøkinga og dele erfaringane dine. Informasjon om undersøkinga og korleis du kan delta, finn du hos den enkelte domstolen.
Arbeidet inngår òg i Noregs domstolar sitt samarbeid innanfor European Network of Councils for the Judiciary (ENCJ).