Om tingretten

Hardanger og Voss tingrett er ein fullfagleg fyrsteinstansdomstol som handsamar alle typar saker, både straffesaker og sivile saker. I tillegg kjem forvaltnings- og registreringsoppgåver som skiftehandsaming, konkurshandsaming, dødsfallsregistrering og notarialforretningar.

Hardanger og Voss tingrett vert leia av sorenskrivar Anne Østberg Vikøren. Domstolen har 6 årsverk fordelt på 6 tilsette, der 3 er i dømande stilling.

Hardanger og Voss tingrett vart oppretta i si noverande form den 10. juni 2025. Domstolen fører vidare den historiske Hardanger tingrett, som i 2021 vart slått saman med Bergen tingrett til Hordaland tingrett. Hardanger og Voss tingrett har kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss som sin rettskrins. 

Sorenskrivargarden på Lofthus, Sjoagarden, er sidan 2014 eit freda kulturminne som består av hovudbygning, naust og hage. Hovudbygningen vert i dag brukt som administrasjonsbygning for tingretten. Sorenskrivargarden er teikna av arkitekt Einar Schou og oppført i 1923 i såkalla Bergensstil.