Vitne

Skal du vitne i tingretten? Her kan du lese meir om kva det inneber.

Vitnestøtte

Vitnestøtter er frivillige frå Røde Kors, som gir informasjon om kva du kan venta deg av å vera vitne i retten. Vitnestøttene kan ikkje diskutera saka du skal vitna i, men skal vera trygge og roande samtalepartnarar, både før og etter rettsmøtet.

Vitnestøttene er som regel fysisk til stades i domstolen sine lokale måndag-fredag mellom kl 09:00 og 15.00. Dei har eige kontor i 2. etasje, men driv også oppsøkjande arbeid rundt om i domstolen sine gangar og besøker vitne der dei sit. Vitnestøttene kan du kjenna att på ID-skilt.

Du kan også avtala vitnestøttesamtale i domstolen på førehand. Det kan du gjera ved å ta kontakt med:

  • Vitnestøttekoordinator Ingjerd Espe: tlf. 55 69 97 36, eller epost: ingjerd.espe@domstol.no, eller;
  • Vitnestøttekontoret: tlf. 55 69 95 26

Digital vitnestøtte

Du kan også få vitnestøtte via videolink. Du kan då ha ein privat samtale med ei vitnestøtte i eit sikkert digitalt møterom, uavhengig kor du oppheld deg, eller datoen for rettsmøtet ditt.

For å bestilla tid med vitnestøtte digitalt, sender du ein førespurnad til vitnestøttekoordinator på epost: ingjerd.espe@domstol.no.

Hugs å:

  • gjerne bestilla i litt god tid i før datoen for rettsmøtet ditt;
  • sørga for å ha godt internettsamband. Tips: skulle du få problem med å koma inn i det digitale møterommet, kan det vera lurt å testa ein annan nettlesar. Du kan ringa vitnestøttekontoret dersom du framleis har problem: tlf. 55 69 95 26.

Les meir om Røde Kors vitnestøtte her.