Ledige stillingar
Vi har ledig stilling som sikkerheitssjef.
Hordaland tingrett har to fast bemanna rettsstadar, rettsstad Bergen i Bergen tinghus og rettsstad Lofthus med rettslokale i Odda, Lofthus og Norheimsund.
Hordaland tingrett er den nest største tingretten i Noreg.
Dei dømmande oppgåvene til domstolen er i hovudsak å avgjera straffesaker og å løysa sivile tvistar.
Atten kommunar soknar til domstolen: Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Hordaland tingrett er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). Elles gjeld avtaleverk for stillingar i staten.
Generelle opplysninger
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstyrken skal spegla mangfaldet i folket, både når det gjeld alder, kjønn, funksjonshemming og kulturelt mangfald.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpasning av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som vert tilsette, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Andre ledige stillingar i domstolane finn du her
www.domstol.no/no/ledige-stillinger