Nedetid på domstolen sine IT-tenester i pinsehelga
Invalid Date
Nedetida blir frå fredag 6. juni kl. 18.00 til tirsdag 10. juni kl. 06.00.
Ved Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett (RNB) 21. juni 2024, gav dei sin tilslutning til at seks tingrettar skal splittast opp til elleve nye tingrettar. I tillegg er det éin domstol som byter namn. Vår domstol er ikkje blant de tolv domstolane, men vi blir likevel påverka av nedetida.
Dei nye tingrettane blir etablert 10. juni. I samband med dette blir det nedetid på ein del IT-tenester i pinsehelga. Den planlagte nedetida blir frå fredag 6. juni kl. 18.00 til tirsdag 10. juni kl. 06.00.
Tenester som blir utilgjengelege for alle aktørar og alle domstolar i nedetida:
Aktørportalen
Justishub
Lovisa
Pressetenesta
Utstyr i rettssalar og møterom
Vi tilrår alle aktørar å gjennomføre nødvendige oppgåver før nedetida. Gjeld det oppgåver i Aktørportalen som har frist i løpet av nedetida, sjå rutiner for advokatar dersom Aktørportalen er utilgjengeleg. Det kjem eiga driftsmelding på Aktørportalen.