Reglane om køyretid – døgnkvile
15.09.2000, 2000/79, straffesak, anke
Straffelova § 48 a og vegtrafikklova § 31, jf. §§ 13 og 21
Den offentlege påtalemakta (Førstestatsadvokat Morten Eriksen) mot A (advokat Helge Kittilsen)
Dommere: Utgård, Bruzelius, Tjomsland, Aarbakke, Holmøy
A er eit enkeltpersonføretak som driv lastebiltransport. Føretaket hadde på det aktuelle tidspunktet fire vogntog, av dei 3 i aktiv drift, og det var 4 tilsette sjåførar. Ved 3 bedriftskontrollar for periodar i 1994, 1996 og 1997/98 vart føretaket meldt til politiet, og Utrykkingspolitiet skreiv også rapport i 1997.
Lagmannsretten, som heradsretten, fann føretaket skuldig i 17 brot på reglane om køyretid, 1 brot på reglane om vekekvile, 44 brot på reglane om døgnkvile, og i tillegg 2 brot på reglane om påføring av opplysningar på diagramma og 11 brot på reglane om oppbevaring av slike diagram. Høgsterett fann at det var heimel for å nytte føretaksstraff også mot eit enkeltpersonføretak. Det vart sagt at omsynet til å unngå dobbeltstraff likevel oftast vil gjere det uaktuelt med føretaksstraff der det ikkje er andre enn eigaren som arbeider i eller for føretaket, men at dette er eit spørsmål om skjønnet ved avgjerda av om føretaksstraff bør nyttast. Høgsterett fann også at det her var grunn til å nytte føretaksstraff. Det vart peika på at det her var brot nettopp på reglar som retta seg mot den artikkel 15 i rådsforordning (EØS) 3820/85 - som har status som norsk forskrift - som rettar seg nettopp mot manglande organisering og oppfølging frå føretaket. Det har ikkje vore nytta personleg straff for brot på desse reglane. Ved utmålinga av bota peika Høgsterett på at det her samla sett var eit mønster av svak organisering, opplæring og kontroll i høve dei nye reglane, og at føretaket ikkje hadde endra handlemåte etter at dei var melde til politiet. Sjølv om det her er EØS-reglar er det etter den nemnde rådsforordninga artikkel 17.1 opp til kvar medlemsskap å fastsetje reaksjonar mot brot på regelverket. Høgsterett peika elles særskilt på at bota i dette tilfellet burde vere så stor at ho oversteig det føretaket har tent på lovbrota, sjå her straffelova § 48 b. Bota vart sett til 250 000 kroner. Heradsretten hadde kome til ei bot på 300 000 kroner; lagmannsretten til 150 000 kroner.