Spørsmål om føretaksnamnet Pangea Property Partners AS krenker det tidlegare registrerte føretaksnamnet Pangea AS

Høgsterettsdom 22. september 2016, HR-2016-1993-A, (sak nr. 2016/396), sivil sak, anke over dom

Pangea Property Partners AS (advokat Are Stenvik) mot Staten v/Klagenemnda for industrielle rettar (Regjeringsadvokaten v/advokat Håvard H. Holdø)

Dommarar: Matheson, Bull, Noer, Tønder, Matningsdal

Vedtaket i Klagenemnda for industrielle rettar om at registreringa av føretaksnamnet Pangea Property Partners AS var i strid med føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4, blei kjent ugyldig av Høgsterett.

I dommen blir det vist til at etter EØS-retten og juridisk teori er det ikkje nødvendig å vurdere om føretaksnamn kan forvekslast, dersom det ikkje er eit minimum av likskap mellom dei tenestene føretaka tilbyr. 

Høgsterett kom samrøystes til at Pangea Property Partner sine tenester innanfor mekling og såkalla corporate finance av prosjekt i marknaden for næringseigedom til verdiar av mange hundre millionar kroner ikkje på noko punkt likna Pangea sine kredittkorttenester i marknaden for forbrukarkreditt. Eit nødvendig vilkår for forvekslingsfare låg derfor ikkje føre.

Avgjerda klargjer vilkåra for forvekslingsfare og betydninga av EØS-retten på føretaksnamneretten sitt område.

Les heile avgjerda