Saka gjaldt straffutmåling etter ny behandling av anke over lagmannsretts dom
Høgsteretts dom, 22.12.2011, HR-2011-02395-A, (sak nr. 2011/1026), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Geir Kavlie)
Dommarar: Øie, Arnesen, Endresen, Skoghøy, Gjølstad
Saka gjaldt straffutmåling etter ny behandling av anke over dommen i lagmannsretten etter gjenopning av vedtak av Høgsteretts ankeutval om ikkje å tillate anken fremma.
A var frifunnen i tingretten for grovt forsikringsbedrageri, men domfelt i lagmannsretten. Ved vedtaket i Høgsteretts ankeutval 4. april 2008 blei anken hans til Høgsterett over lovbruken under skuldspørsmålet, saksbehandlinga og straffutmålinga ikkje tillaten fremma. I tråd med praksis den gongen var vedtaket ikkje grunngitt.
A kravde gjenopning av vedtaket i ankeutvalet om ikkje å tillate anken fremma. Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker tok ved eit vedtak 15. juni 2011 kravet til følgje. Gjenopninga var grunngitt med at det var ein feil at Høgsteretts ankeutval ikkje hadde gitt nokon grunn for å nekte anken fremma når den domfelte var frifunnen i tingretten, jf. mellom anna Rt. 2009 side 187 og straffeprosesslova § 392 første ledd. Høgsteretts ankeutval behandla etter dette anken frå A på nytt ved grunngitt orskurd og vedtak av 20. oktober 2011. Berre anken over straffutmålinga blei tillaten fremma, og det var denne anken saka for Høgsterett no gjaldt.
Sjølve menneskerettsbrotet overfor A – ankesiling for Høgsterett utan grunngiving i ei sak der den domfelte blei frifunnen i tingretten – blei etter gjenopninga reparert ved den nye ankesilinga ved grunngitt vedtak. Den tidlegare domfellinga blei halden ved lag fullt ut. Spørsmålet for Høgsterett no var om den ekstra saksbehandlingstida som kom av menneskerettsbrotet, likevel måtte føre med seg at straffa blei sett ytterlegare ned.
Høgsterett la betydeleg vekt på at det ikkje var aktuelt å la A sone igjen – straffa var ferdig sona. Det var heller ikkje gjort gjeldande tilhøve som hadde gjort den ekstra saksbehandlingstida belastande for han. På denne bakgrunnen fann Høgsterett at den fastsette straffa burde bli ståande.