Dødsulykke med motorsykkel

23.02.2000, Sivilsak nr. 93/1999, lnr. 10B/1999

Skadeserstatningsloven § 2-1

Aktiv Forsikring AS (Advokat Svein Jøsang) mot Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Richard Saue)

Dommere: Utgård, Skoghøy, Flock, Gussgard, Aasland

Dahl køyrde motorsykkel på E-16 frå Sandvika mot Hønefoss fredag 5.august 1994 om lag klokka 15.30. Han kom då til Nes tunnel i Hole, der det var lagt sporfylling med støypeasfalt. Slik sporfylling var også lagt nordover etter tunnelen på ei strekning på 600 meter. Arbeidet var avslutta fredag morgon, og vegen vart då sett under trafikk etter at ein tenestemann hos vegvesenet hadde gått over vegen. Vedkomande skulle vurdere om vegen kunne opnast, og om det skulle skiltast. Det var nytta ein spesiell asfalt, støype-asfalt. Vegbanen var heilt tørr då vegen vart opna. Det var 1-2 centimeter høge kantar på sporfyllinga av asfalten. Inne i tunnelen var desse kantane freste, medan dette skulle gjerast komande måndag utanfor tunnelen. Etter opninga starta det å regne, og det var såleis våt vegbane då ulykka skjedde.

Ulykka skjedde etter tunnelen, på strekninga med nylagd asfalt. Før tunnelopninga var det skilta for steinsprut. Det var ikkje skilta for anna fare, med underskilt asfaltkantar. Det var heller ikkje skilta for glatt vegbane, ved nedbør. Det første spørsmålet var i kva grad det er eit særleg - lågt - krav til aktsemd for vegvesenet. Fleirtalet, tre dommarar, la til grunn at det særleg er for "unnlatelse av å forebygge eller avverge skader fra en skaderisiko som truer fra naturens side eller som er skapt av andre" at det kunne vere grunn til å ha ei slik mild norm. For skadar som kjem av aktive handlingar frå det offentlige si side, må dei vanlege krava til aktsemd gjelde. Mindretalet meinte at ei slik mild norm måtte gjelde ved vanskelege naturtilhøve og ved avgrensa løyvingar. Også ei naturleg avgrensing mellom kva som bør dekkjast gjennom pliktige forsikringsordningar og gjennom ansvar for det offentlege, bør spele inn. Endeleg viste mindretalet til at når ei ordning har vore vurdert av ut frå ei fagmessig vurdering av risikomomenta, og rette vedkomande har funne ei ordning forsvarleg, skal det mykje til før ei slik vurdering i ettertid vert sett til sides som aktlaus. Alle dommarane var einige i at metoden for legging av asfalt ikkje var uforsvarleg, og at det heller ikkje kunne byggjast ansvar på sjølve utføringa av arbeidet eller på manglande etterkontroll av friksjonen på den aktuelle strekninga. Fleirtalet - 3 dommarar - kom til at vegvesenet hadde handla aktlaust. Kantane inne i tunnelen var freste, og det måtte då vere ei overrasking at dette ikkje var gjort utanfor tunnelen. I tillegg til dette må det i alle fall på enkelte parti av den nylagde asfalten ha vore glatt. Mest sannsynleg kom det av ein kombinasjon av asfalttypen som var nytta, at strøinga av asfalten med asfaltert finpukk (som skulle gå ned i asfalten og lage friksjon på toppen) var mangelfull, og at det hadde regna. Fleirtalet meinte at vegvesenet burde ha innsett at dei høge asfaltkantane i ein slik situasjon innebar eit ekstra faremoment, spesielt for motorsyklar, og at det burde ha vore skilta. Mindretalet - 2 dommarar - viste til at trafikantane må ha vore klare over at nylagd asfalt kan verte glatt, særleg når den er våt. Kanten utanfor tunnelen må ha vore synleg, særleg for ein motorsykkelførar, slik at eit skilt ikkje ville ha gjeve meir informasjon. Mindretalet meinte at det her måtte vere eit spelerom for ei fagleg vurdering, og at det lett ville representere etterpåklokskap om ein her overprøvde vedkomande tenestemann si vurdering på det aktuelle tidspunkt og på den aktuelle staden. Fleirtalet fann at det var mest sannsynleg at ulykka ville vore unngått om det var skilta. Mindretalet uttala seg ikkje om årsaksspørsmålet.