Erstatning ved kontraktsbrot
24.01.2000, Sivilsak nr. 222/1999, lnr. 7/2000
Tvistemålsloven § 384 annet ledd nr. 2
SP Maskin AS (Advokat Kjetil Krokeide) mot Mine & Quarry Equipment International Ltd. (Advokat Erik Samuelsen)
Dommere: Gjølstad, Tjomsland, Skoghøy, Flock, Holmøy
Saka for Høgsterett galdt eit prosessuelt spørsmål; om lagmannsretten hadde gått ut over kompetansen sin ved å tilkjenne ein høgare erstatningssum enn heradsretten, utan at det var erklært motanke.
Heradsretten dømde SP Maskin til å betale Mine & Quarry 430 000 kroner i erstatning for kontraktsbrot etter avtale om sal av gruveutstyr. SP Maskin påanka dommen til lagmannsretten. Det blei gjort gjeldande at det ikkje låg føre erstatningsgrunnlag og subsidiært blant anna at kjøpesummen måtte motreknast i erstatningsbeløpet fordi Mine & Quarry hadde fått utlevert utstyret etter rettsavgjerd i utlandet. Mine & Quarry aksep terte i tilsvaret at kjøpesummen kunne motreknast i erstatninga, og la ned påstand om stadfesting. Under ankeforhandlinga i lagmannsretten påstod Mine & Quarry herads rettens domsbeløp stadfesta som eit nettobeløp, der det også var teke omsyn til motkravet på kjøpesummen. Lagmannsretten fann at selskapet hadde krav på erstatning berekna til 585 000 kroner brutto. Etter frådrag for kjøpesummen på 190 200 kroner, tilkjende lagmannsretten selskapet 394 800 kroner. Anke frå SP Maskin til Høgsterett over saksbehandlinga i lagmannsretten blei teken til følgje. Mine & Quarry hadde oppnådd eit betre resultat i lagmannsretten enn i herads retten, når kjøpesummen blei fråtrekt heradsrettens domsbeløp på 430 000 kroner. Heradsrettens dom var påanka av SP Maskin. For å oppnå ei høgare erstatning måtte Mine & Quarry erklære motanke. Tilsvaret fylte ikkje krava i loven til ein anke, som gjeld tilsvarande for motanke, og det blei rekna som klart at tilsvaret ikkje inneheldt nokon motanke. Når det ikkje var anka imot, kunne lagmannsretten ikkje fastsetje ei høgare erstatning enn heradsretten. Lagmannsrettens dom måtte opphevast så langt erstatningsbeløpet oversteig det lagmannsretten hadde kompetanse til å tilkjenne, og Høgsterett avsa dom for at det vert tilkjent ei erstatning på 239 800 kroner.