Full lønn under sjukdom - refusjon av arbeidsgjevaravgift

06.11.2000, Sak nr. 2000/214

Skadeserstatn.loven § 3 - 7 nr 2 og bilansvarsloven § 4

Storebrand Skadeforsikring AS mot Oslo kommune

Dommere: Bruzelius,Matningsdal, Coward, Aarbakke, Dolva

Saka galdt tvist om ein arbeidsgjevar som har utbetalt full lønn under sjukdom som følgje av eit trafikkuhell, kan krevje arbeidsgjevaravgifta dekt av forsikringsselskap. Storebrand hadde erkjent ansvar etter bilansvarsloven etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein sykkel. Syklisten hadde i samsvar med tariffavtalen fått utbetalt full lønn av arbeidsgjevaren sin, kommunen, i to år. Kommunen kravde at Storebrand i tillegg til lønn og feriepengar skulle dekkje tapet til kommunen i form av arbeidsgjevaravgift for det andre skadeåret.

Kommunen gjorde gjeldande at Storebrand var ansvarleg for tapet både etter skadeserstatningsloven § 3-7 nr. 2 og bilansvars -loven § 4. Høgsterett fann at regressheimelen i skadeserstatningsloven § 3-7 nr. 2 ikkje omfatta arbeidsgjevaravgifta. Det vert uttala at det ikkje er støtte i førearbeida til loven eller i praksis for ei utvidande fortolking av lovføresegna. Høgsterett kom vidare til at det avleidde formuestapet til kommunen ikkje hadde erstatningsrettsleg vern. Tapet til kommunen er nærare knytt til kommunens avtaleplikter etter tariffavtalen enn til skadetilfellet. Risikosyn medførte også at arbeidsgjevar bar tapet.