Inhabilitet

27.06.2000, Sivilsak nr. 338/1999, lnr. 33B/2000.

Domstolloven § 108,

A (Advokat Anders Folkman) mot Staten v/Sosial- og helsedepartementet (Regjringsadvokaten v/advokat Christian F. Galtung).

Dommere: Frisak, Flock, Tjomsland, Oftedal Broch, Aasland

Ankesak om ein pasients krav om utskriving frå tvungen omsorg under psykisk helsevern, er vist til behandling i Høgsterett.

Dommar Eilert Stang Lund var ein av tre dommarar som ved Høgsteretts kjæremålsutvals ordskurd 25. juni 1998 nekta ein anke frå same pasient reist i medhald av tvistemålsloven § 373 tredje ledd nr. 1. Begge partar gjorde gjeldande at dommar Stang Lund av den grunn var inhabil til nå å handsame den tilviste saka. Høgsterett kom til at Stang Lund ikkje var inhabil. Det dreier seg om ei ny sak. Systemet i loven er at det kan reisas ny sak etter eitt år. Utgangspunktetet må vere at ein dommar ikkje er inhabil ved handsaminga av den nye saka sjølv om vedkommande har teke del i den førre avgjerda. Uttala at det kan vere at den konkrete situasjonen er slik at det likevel ligg føre særeigne omstende etter domstolloven § 108 som gjer at ein dommar som har delteke i ei tidlegare sak, er å sjå på som inhabil i ei ny sak. Det var ikkje situasjonen her.