Likningsloven - forholdet til psykologars teieplikt.

16.05.2000, Sivilsak nr. 313/1999, lnr. 28/2000

Likningsloven § 4-10

Knut Valsø, Hjelpeintervenient: Norsk Psykologforening (Advokat Roar Bjerknes) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokat v/advokat Hanne Inger Bjurstrøm).

Dommere: Tjomsland, Aarbakke, Utgård, Rieber-Mohn, Lund

I samband med eit bokettersyn blei psykolog Knut Valsø i medhald av likningsloven § 4-10 pålagt å leggje fram timebestillingsbøkene sine. Valsø avviste dette kravet ved å vise til teieplikta i psykologloven § 6. Skattedirektoratet opprettheldt etter klage vedtaket. Valsø gjekk til sak mot staten med påstand om at pålegget om å leggje fram timebestillingsbøkene skulle dømmas som ugyldig, men han fekk ikkje medhald i nokon instans.

Høgsterett fann at timebestillingsbøkene var dokument som vert omfatta av framleggingsplikta i § 4-10 nr. 1, og at det var av verdi for kontrollen av Valsøs likning at timebestillingsbøkene blei framlagde. Etter likningsloven § 4-10 nr. 2 omfattar framleggingsplikta også dokument som er underlagt teieplikt, noko Høgsterett meinte at timebestillingslistene til ei psykolog var. Høgsterett tok ikkje stilling til om framleggingsplikta i § 4-10 nr. 2 må tolkas innskrenkande på grunnlag av fråsegner i lovførearbeida, fordi ei slik innskrenkande tolking ikkje ville omfatte det føreliggjande tilfellet. Det blei vist til at saka galdt timebestillingsbøker som er eit planleggingsverktøy og registreringsdokument for skattytaren. Høgsterett gjekk ikkje nærare inn på spørsmålet om i kva for utstrekning likningsstyresmaktene kunne krevje lagt fram pasientjournalar. Heller ikkje Valsøs subsidiære påstand om at han hadde rett til å leggje fram timebestillingsbøkene med namna på pasientane sladda, førte fram. Høgsterett fann at det ikkje var tvilsamt at det i dokument som vert lagde fram etter likningsloven § 4-10, ikkje er høve til å sladde opplysningar som har tyding for kontrollen av likninga til skattytar. Dette blei sett på som å vere situasjonen her. I kva for utstrekning ein skattytar i dokument som vert kravde lagt fram etter likningsloven § 4-10, har høve til å sladde opplysningar som ikkje har noko å seie for kontrollen av likninga, og korleis framgangsmåten i så fall skal vere, tok Høgsterett ikkje stilling til.