Løysemiddelskade - yrkesskadeforsikring

24.01.2000, Sivilsak nr. 256/1999, lnr. 8B/2000

Yrkesskadeforsikringsloven § 21

Leif Helge Iversen (Advokat Erik Bryn Tvedt) mot 1. Storebrand Skadeforsikring AS, 2. Bjørvik Malerservice AS (Advokat Kjetilt Mellum)

Dommere: Stang Lund, Gjølstad, Gussgard, Skoghøy, Smith

Iversen var tilsett ved Sandefjord Skofabrikk og deretter som gulvleggjar i Bjørvik Malerservice AS frå 1955 til 1990. Han brukte i periodar lim med flyktige løysemiddel. Dette førte til auge- og halsirritasjon, behov for luftepausar, og etter kvart svimring, kvalme og dårleg minne. Iversen fekk akutt løysemiddelforgifting i 1958, i byrjinga av 1970-åra og i 1988. Han fekk i januar 1979 ein rull med gulvbelegg over ryggen og var sjukmeld i kortare eller lengre tid kvart år på grunn av ryggplager fram til han fekk attføringsstønad i 1990.

Iversen blei i 1985-86 greidd ut for moglege kroniske løysemiddelskadar utan at slike skadar blei påviste. Den akutte løysemiddelforgiftinga i 1988 blei sett på som å vere mellombels. Iversen blei etter forsøkt attføring uføretrygda i september 1994. Løysemiddelskaden som sjukdom blei etter ny utgreiing i 1995-96 likestilt med yrkesskade i 1996. Bjørvik Malerservice var ansvarsforsikra i Storebrand Skadeforsikring AS, og forsikringa dekte også ansvar for yrkesskade. Iversen reiste i februar 1998 søksmål mot for sikringsselskapet med krav om erstatning. Retten avgjorde etter begjæring frå partane å dele domsseiinga slik at avgjerda om omfanget av kravet blei utsett, jf. tvistemålsloven § 151 andre ledd. Byretten frifann Storebrand, og lagmannsretten stadfesta dommen i byretten. Iversen anka rettsbruken til lagmannsretten til Høgsterett. Under saksførebuinga og ankeforhandlinga presiserte partane at tvisten galdt fortolking og bruken av yrkesskadeforsikringsloven § 21, og om yrkessjukdommen til Iversen var konstatert før iverksetjinga av yrkes skadeforsikringsloven 1. januar 1990. Høgsterett fann at Storebrand var erstatningsansvarleg etter lov om yrkesskadeforsikring fordi sjukdom ikkje var konstatert før yrkesskadeforsikringsloven vart sett i verk, jf. § 21. Konstatering måtte etter vanleg språkleg forståing bety at skade eller sjukdom var fastslegen før iverksetjinga. Det kan ikkje reknast som tilstrekkeleg at det i ettertid er fastslege at skade eller sjukdom låg føre før loven blei sett i verk. Sjølv om forsikringssel skapet skulle ha rett i at den varige løysemiddelsjukdommen hadde kome til alt i 1988, så var han ikkje konstatert før 1 januar 1990 ved ein diagnose av den akutte løysemiddelskaden i 1988. Den subjektive oppfatninga Iversen hadde av at han hadde ein meir varig løysemiddelsjukdom, kunne heller ikkje innebere ei konstatering av sjukdommen etter § 21 fordi legane og de medisinsk sakkunnige ikkje fann grunnlag for slik skade i 1988.