Opplysningsplikt ved teikning av gjeldsforsikring

24.01.2000, Sivilsak nr. 187/1999, lnr. 7B/2000

Forsikringsavtaleloven § 13-1, jf. § 13-2, jf. § 13-4 andre ledd

Vital Forsikring ASA (Advokat Henning Hauso) mot Enok Riksfjord (Advokat Sven Haraldsen)

Dommere: Skoghøy, Stang Lund, Gjølstad, Gussgard, Smith

Enok Riksfjord har drive enkeltmannsføretak som byggmeister. I desember 1989 teikna han gjeldsforsikring som omfatta varig uførleik som følgje av sjukdom. Han avgav da ei helseerklæring til forsikringsselskapet der han svara "ja" på spørsmålet om han var "fullstendig frisk" og "heilt arbeidsdyktig".

Da erklæringa blei avgitt, var han 100 % sjumeld for to veker på grunn av "asteni" (kraftløyse) og "ryggsmerter". Legen har opplyst at "asteni" er eit omgrep som vert nytta for å beskrive at ein pasient er utkjørt eller sliten. Sjukmeldinga blei seinare forlenga. Etter at han blei friskmeld, var han i arbeid i 8 månader. Han blei da igjen sjukmeld. Som sjukmeldingsgrunn blei først oppgitt fordøyingsbesvær, men frå 1. januar 1991 har som sjukmeldingsgrunn vore oppgitt depresjon. I 1996 blei han løyvd 100 % uføretrygd. Forsikringsselskapet meinte at Riksfjord da han la fram helseerklæringa, hadde opptredd svikaktig, og nekta utbetaling etter gjeldsforsikringa. Subsidiært hevda forsikringsselskapet at Riksfjord hadde opptredd med ein slik grad av aktløyse at ansvaret til forsikringsselskapet måtte falle bort eller i alle fall setjast ned. Byretten og fleirtalet i lagmannsretten dømde forsikringsselskapet til å innfri dei gjeldsforsikra låna. Både byretten og fleirtalet i lagmannsretten bygde på at Riksfjord ikkje hadde utvist svik, og at han ikkje hadde opptredd med ein slik grad av aktløyse at forsikringsselskapets ansvar kunne falle bort eller setjast ned. Ein av dommarane i lagmannsretten meinte at Riksfjord hadde opptredd svikaktig. Høgsterett kom til same resultat som byretten og fleirtalet i lagmannsretten, men med ei anna grunngjeving. Sjølv om det etter oppfatninga til Høgsterett i svaret på så generelle og vidtfemnande spørsmål som det her var tale om, må innfortolkast ein terskel for når spørsmåla er urett svara på, kom Høgsterett til at Riksfjord hadde misleghalde opplys ningsplikta, jf. forsikringsavtaleloven § 13-1 andre punktum. Etter synet til Høgsterett hadde Riksfjord ikkje opptredd svikaktig, men i motsetning til byretten og fleirtalet i lagmannsretten kom Høgsterett til at han kunne klandrast for forsømming, og at det var meir enn lite å leggje han til last, jf. § 13-2. Når forsikringsselskapet likevel blei dømt, var det fordi forsikringstilfellet måtte sjåst på som hendt meir enn to år etter at ansvaret til selskapet begynte å laupe, jf. § 13-4 andre ledd. Etter oppfatninga til Høgsterett måtte tidspunktet da kravet på utbetaling frå forsikringsselskapet oppstod, vere avgjerande for når forsikringstilfellet skulle sjåst på som hendt. Etter forsikringsvilkåra kan yrkesuførleik som hovudregel ikkje reknast som varig før han har vara samanhengande i to år. Forsikringstilfellet kunne da ikkje reknast som kome til før yrkesuførleiken hadde vara samanhengande i to år.