Frådømming av stillinga som politibetjent
06.11.2000, Sak nr. 2000/490
Straffeloven § 29 nr 1
Den offentlige påtalemakta (statsadv.Haakon Meyer) mot A (advokat Jens-Ove Hagen)
Dommere: Coward, Aarbakke, Bruzelius, Matningsdal, Dolva
A, ein 47 år gammal politibetjent, var funnen skuldig i trugsmål og lekamsfornærmingar overfor den tidlegare sambuaren sin, trugsmål overfor ei venninne av henne, og brot på forbodet etter straffeprosessloven § 222a mot å oppsøkje den tidlegare sambuaren. I heradsrettens dom var han frådømd stillinga som politibetjent, mens lagmannsretten sette straffa til fengsel på vilkår i 45 dagar med tillegg av ei bot.
Høgsterett kom til at det måtte reageras med frådømming av stillinga. Det blei for det første vist til at når politiet i mange situasjonar har rett og plikt til å bruke fysisk makt i tenesta, er det særleg viktig at polititenestemenn fullt ut kan kontrollere seg sjølv når dei brukar slik makt. Forholda i saka viste at A mangla slik kontroll, og også ein straffedom for lekamsfornærming frå 1987 var av ei viss interesse. For det andre blei det vist til at det å kjempe mot vald er blant dei viktigaste oppgåvene for politiet, og at det å kjempe mot familievald er eit sentralt felt her. Det ville vere yttarst problematisk for tilliten til politiet på dette området dersom det blei akseptert at ein polititenestemann kunne halde fram i stillinga etter å ha gjort seg skuldig i slike overgrep som saka galdt.